Garden HALBREND i Førde i 1865

Husklynga midt i biletet er Indre Halbrend, frå gamalt av hovudbruket på Halbrend i Førde i Sunnfjord. Her er mykje bygningar med historie bakover i tid. Nokre stammar nok frå dei knappe 25 åra (1761-1785) då Grimeliens Koparverk brukte garden til brenning av jarn- og koparmalm som var skipa inn her frå Grimelia lenger ute i Førdefjorden.

I 1865 er det Erik Helgeson Halbrend (1821-1904) og kona Steffine Andersdotter frå Erdalen som eig Indre Halbrend. Dei har her 5 born; Marte på 17, Bergitte på 15, Anne på 10, Helge på 8 og Anille på 3 år. I tillegg har dei 5 tenestefolk buande i gardstunet; Den 28 gamle Kristian Olson frå Holsen, 22 år gamle Torsten Anderson Vie og 34 år gamle Nils Madsen, truleg frå Reiakvam i Naustdal.

Utover tradisjonelt husdyrhald og jordbruk på begge sider av Jølstra har garden mykje skog, fallrettar i Sagelva og sagbruk som inntektskjelder. I hovudvegen kan ein sjå den første steinbrua over Sagelva, Halbrendsbrua, bygd i 1812 av farfaren til Erik, Erik Erikson Halbrend og Anders Trulson Bruland.

 Husa og bygningane nærmast elva er på Hafstadsida av Sagelva, men tilhøyrer bruk 1 Indre Halbrend. Området kallast Teigen, ettersom det er nettopp det, ein teig under hovedbruket. 

På venstre sida av vegen ligg sjølve husmannsplassen Teigen. Litt usikkert kven som bur i det huset i 1865, men det kan være den 39 år gamle enkja Marie Olsdotter f. Flatjord og hennar born på to og fire år. Mannen til Marie, Gjert Nilson f. Fauske, døydde ifrå familien for eit år sidan, i desember 1864. I same huset bur også den 66 år gamle Anna Maria Nilsdotter f. Movik. Ho er registrert som ugift legdslem, og har hatt teneste på Via før ho kom til Halbrend. Til slutt har også den 60 år gamle enkemannen Ole Eliason f. Leirflaten fått seg eit rom her. Han har heile livet arbeidd for andre i Førde, som daglønar.

 Over vegen, før Halbrendsbrua ligg huset til fargar Johan Neerland og kona Hanna, innflyttarar frå Kristiansund og Alstadhaug. Dei fekk løyve til å sette opp dette huset, som vart flytta hit frå Gravaldsberget nokre år tidlegare, men dei eig ikkje grunnen. Johan og Hanna, som begge er sterkt religiøse, har ikkje eigne born. Men, dei har her to fostersøner, Lauritz Iversen, 15 år, fødd i Trondheim, og den 8 år gamle Johannes Falch, fødd i Florø.

I same hus finn vi også den 20 år gamle tenestejenta Anne Madsie Helgesdotter frå Ramstad og tenestekaren Kristian Helgeson Hafstad som er 26. Kristian er fødd litt lenger inne, «me bruna» på ytre Hafstad. Kristian skal seinare overta husmannsplassen Teigen, verte jekteskipper og gifte seg med Pernille Bendiktsdotter Bruland.

 I det kvite huset nærast elva bur no Andreas Steffenson frå Horstad 40 år, og kona Anna Ellingsdotter f. Grimeland, 48 år. Saman har dei sonen Sofus på 5 år. Heller ikkje desse eig jorda dei har sett opp hus på. Andreas livnærer seg i hovedsak som skomakar. I tillegg sper dei på med utleige av rom til to leigetakarar. Det er den 60 år gamle ungkaren Iver Mo frå Bergen, som livnerer seg på arv, samt tenesteguten Mons Olsen på 20 år, frå Gloppen.

 I eit av dei andre husa i Teigen finn vi dette året også endå ei enke, 59 år gamle Rachel Christine Gudmundsdotter Ålhus med sine to born, Ole på 14 og Kristiane på 17 år. Rachel livnærer seg med spinning og strikking. Ho er i frå Via, men frå den garden som havna på Brulandssida etter eit elvebrot i Jølstra. Mannen, Anders Ålhus, som kom frå garden Ålhus døydde for 10 år sidan.

Eit bilete kan fortelje mykje om livet i 1865, også her i Teigen. Her samlast mange i arbeidarklassen til dei enten kom seg vidare opp og fram i livet, eller om dei måtte ha hjelp og støtte i sine siste leveår.

Opprinneleg foto: Knud Knudsen,  ca. 1865. Repro: Vidar Fossen (KI)

Lag din egen nettside med Webador