KRIM

På midten av 1800-talet byrja Oslo Politikammer å fotografere straffedømde, mellom anna for at dei enklare skulle kjenne att kriminelle gjengangarar. I dette "forbrytaralbumet" finn vi også lokale personar som har vore på kant med lova i korte eller lengre periodar av sitt liv.


Handelsagenten

Kristian Ludvik Olsson Kvamsaas vart fødd på Kvamsås i Angedalen 21. oktober 1866. 4. november same året vart han boren til dåp i gamlekyrkja i Førde av foreldra Ole Madsen og Johanne Jonsdotter f. Kvamme. Kristian Ludvik fekk same namnet som ein bror som var født, og døydde, året før.

Kristian vaks opp som ein av ti sysken på den vesle garden. I 1880 ser Kristian at eldste broren, oldelsguten Mads, tek over farsgarden. Året etter vert Kristian konfirmert i Førde kyrkje, kyrkja som tre år seinare skal rivast til fordel for ei ny.

I 1882 sel broren Mads garden Kvamsås mot at foreldra får bu der, på kår. Mads tek så med seg kone og eit barn, samt to systrer, til Amerika. Det er ikkje lenger ei framtid for Kristian på Kvamsås.

Knapt 16 år gamal må han reise i frå barndomsheimen, finne seg arbeid og klare seg sjølv. Han byrjar i nærområdet og får seg gardsarbeid hos ein svoger i Førde. Her arbeider han i to år mot kost og losji, og nokre få kroner i løn. I 1885, knapt 19 år gamal, reiser Kristian til militærteneste i Bergen. På turen frå Førde får han selskap med to jamngamle førdianarar, Ludvig Martin Eriksen Haugsvær og Ole Andreas Nilsen Vie. Dei skal alle tre gå underoffiserskulen.

Det vart ikkje noko lang karriere i militæret, men truleg lærde han her eit og anna nyttig som han kunne ta med seg vidare. Etter underoffiserskulen titulerer han seg som handelsmann i Bergen. Men, det går tydeligvis ikkje så altfor godt. Fortenesta er så liten at han byrjar å stikke delar av omsetninga rett i lomma, for sjølv å ha til leige av husrom, og til mat. Over tid bidreg dette til at handelsverksemda til slutt vert slege konkurs. Det får rettslege fylgjer. I 1894 vert han dømd for underslag i tilknyting til konkursen og får to og eit halvt år med fengselstraff.

Det er no han får sitt bilete for historia, teke i fangedrakt i Botsfengselet i Oslo. Trass i god oppførsel og gode karaterar må han sone tida fullt ut.

14. april 1896 kan Kristian gå ut av fengselet sine høge portar og reise tilbake til Bergen. Med 13 kroner og 80 øre lomma, opptjent i fengselet, kan han ta opp att handelsbedriftene sine. No går det betre, og litt ut på 1900-talet er han registrert med yrkestittelen "agent" i Bergen. Kva han er agent for er ukjent, men det er nok generelt kjøp og sal av nær sagt alt av omsettelege varer han kan kjøpe rimeleg, og selje med mest mogeleg forteneste. Det ser ut som at livet no smiler til Kristian, men noko sambuar eller kone ser det ikkje ut som han finn seg i Bergen by.

Vinteren 1906-07 vert Kristian sjuk, og han anar nok at det er alvorleg. I januar 1907 skriv han eit testamente der den yngre broren Johannes, som no også bur i Bergen, vert ført opp som einearving og næraste pårørande. Det er truleg berre Johannes i familien Kristian har kontakt med på denne tida, men det er nok også godt for han å ha nokon nær seg når det går mot slutten av eit kort med strevsomt liv.

12. april 1907 vert den knapt 41 år gamle ungkaren og handelsagenten Kristian Kvamsaas, funnen død på sin bopel i Sverres gate 4, rett ved Den Nationale Scene i Bergen. Nokre dagar seinare fylgjer broren Johannes han til grava. I dødsmeldinga er det kryssa av for at Kristian no har «avgiftspliktig arv». Vi får tru at det kom broren Johannes til gode. Alle har ei historie, også ein einsleg mann som Kristian. 

 

Tekst: Vidar Fossen. Kjelder: Justismuseet, Digitalarkivet, Nasjonalbiblioteket og Førde bygdebok (1).

Garden Kvamsås i Førde ca. 1900. Fotograf ukjent.

Fange nr. 4352 Kristian Ludvik Olsson Kvamsaas i Botsfengselet, 1894.