Presten i Jølster 1817 til 1837

Ålhus prestegard, kyrkja og Hegrenes - Fotograf Olai Fauske ca.1920/Fylkesarkivet Vestland

Christen Daae, sokneprest i Jølster frå 1817 til 1837

I kyrkjeboka for Jølster, Ministerialbok nr. A 6, 1790-1821, s. 381, finn ein eit litt spesielt notat. Her skriv presten Christen Daae f. 1776, om embetsreisa han hadde fram til han vart sokneprest i Jølster i 1817.

Notatet beskriv godt kva ein prest kunne oppleve i sitt arbeidsliv, og kva arbeidsgjevaren kravde av mobilitet i Norge og utlandet med. I lys av korleis kommunikasjonane var til lands og på sjøen i Norge var tidleg på 1800 talet, er dette faktisk imponerande lesing. 

 

«In Nomine Salvatoris»

 Teksten Christen Daae har skrive, startar med ei latinsk velsigning, som tyder «I Frelsaren sitt namn». Ei vanleg innleiing for lærde menn og prestar på denne tida, når dei starta eit nytt kapittel i prestegjeldet.

«Den 8 September kom undertegnede her til Stedet, efterat have tilbragt saadan Embedsbane: 17 Julij 1801 blev jeg af Hans Majestæt Allernaadigst confirmeret til Personel Capellan for Førde Menigheder. Den 5 Febr: 1802 blev jeg confirmeret af Kongen, efter Collegii de Cursu Evangelii promovendo (etter felleskapets fremme av evangeliets utbredelse) forslag, som Sognepræst til Wardöhuus i Øst-Findmarken.

Der forblev jeg i 9 Aar, og efter et kort Ophold af nogle Maaneder i Kjöbenhavn med Familie, udnævntes jeg til Sognepræst for Saltdals i Nordlandenes Bispedömme. Derfra kaldtes jeg til Sognepræst for Jølsters Menigheder den 3 Julij 1817. Mit Symbolum maa nok være, efter adskillige Omvextlinger og Omreiser i Fædrelandet, og nu at komme tilbage paany der jeg indtraadte i Embedet. 

Underligere Herrens Veje, indtil Her Herren Hjelper. C. Daae, 17. september 1817».

 

Prestefamilien si tid på Jølster set spor

Eit notat som dette leiar også til å sjå nærmare på denne prestefamilien i tida dei var i Sunnfjord. Christen Daae starta altså si prestegjerning som personleg kapellan for Sokneprest Mathias Lind i Førde i 1801. Her fekk han praksisen han trengde for å ta eit steg opp til å tene som sokneprest og vart så beordra til Vardø i Finnmark. Etter 9 tøffe år i Vardø, tok han nokre månaders tenkepause i København med familien, før på ny sette kursen nordover att, denne gongen til Saltdal i Nordland. Men, han ville tilbake til Sunnfjord. Då stillinga som sokneprest i Jølster vart ledig, var valet enkelt for Christen og familien.  Dei flytte til Ålhus og han tok til i embetet sommaren 1817. Sjølv om det no vart 20 år i Jølster, var ikkje reisa til presten slutt med det. I 1837 forlet han Jølster og Sunnfjord til fordel for nytt embete i Lindås prestegjeld, på prestegarden han ein gong kom til verda. Her fekk han sine 10 siste arbeidsår som prest før han flytta til Christiania der han døydde i 1854. 

Men, dei 20 åra i Jølster sette sine spor, både i Jølster og i prestefamilien. Christen vart sett på som ein rimeleg liberal prest, sett i forhold til andre prestar bygda hadde hatt, og prestar i andre prestegjeld på denne tida. Christen kunne gjerne finne på å notere «Ægte» framfor eit døypebarn i kyrkjeboka der foreldra berre var trulova, og ikkje gifte, når barnet vart unnfanga. Andre stader vart som regel foreldra bøtelagde for «lejermål» om barnet kom til verda mindre enn 9 månader får før dei var blitt vigde av kyrkja. I tillegg vart det notert «Uægte» på barnet i kyrkjeboka.

I 1825 og 1835 sette Christen Daae seg føre å gjennomføre folketeljingar i Jølster. Dette var for så vidt ikkje heilt uvanleg andre stader i landet. Det uvanlege var at det var presten sjølv som tok initiativet til ei slik teljing, og i Jølster vart alle namna nedskrive for kvar gard, med alder på personane. Namn og alder vart sjeldan notert i slike teljingar på denne tida. Slik var denne presten også framsynt, til glede for ettertida. 

Christen og kona Elisabeth Marie f. Friis (1785-1865) fekk sjølv i alt 14 born. 6 av dei døydde tidleg, men 8 fekk leve opp. Dei fleste fødde på prestegarden på Ålhus.

Ved folketeljinga, eller huslydteljinga som Christen Daae sjølv kalla den, ser vi i 1825 at Christen (50) og kona Elisabeth (40) hadde 6 born på Ålhus prestegard. Den eldste 15 år, den yngste mindre enn eitt år.

I tillegg er det her registrert 6 personar som vert kalla tenarar. Det er 33 år gamle Erik Simonsen, Tornille Markvardsdotter (29), Else Johannesdotter (18), Anne Larsdotter (19) og Anders Bendixen, 18 år. Alle mest truleg henta inn frå gardane rundt Ålhus.

Sjølve gardsdrifta synest være driven av den 34 år gamle forpaktaren Elias Johannesen f. Årset og kona, den tjue år eldre Borni Antonsdotter, f. Skarstein. Dei var gifte i 1822. Også forpaktaren hadde tre tenarar til å hjelpe seg, i tillegg til Borni si 15 år gamle dotter Oline Nilsdotter frå eit tidlegare ekteskap. 

Bilete huslydteljinga gjev er at Ålhus prestegard var ein bra stor gard på denne tida, og prestefamilien ser ikkje ut til å ha noko form for materiell naud.

 

Det finst naturleg nok ikkje noko ekte bilete av Christen og Elisabeth, sidan fotografering ikkje var spesielt vanleg før etter dei var døde. Men, det eksisterer silhuett teikningar av dei i boka «Stamtavle over familien Daae i Norge» frå 1917. Bildet over er framstilt med kunstig intelligens med utgangspunkt i desse teikningane og kan illustrere korleis dei kan ha sett ut, midt i livet.

Tragedien på Flata 

Det var naturleg nok tette band mellom prestegarden på Ålhus, og prestegarden i Førde der Christen ein gong hadde sitt første kall. Endå tettare vart det då Søren Hjelm Friis vart sokneprest i Førde i 1823. Søren var nemleg bror til prestefrua på Ålhus og familiane var ofte samla, anten i Førde eller på Ålhus.

7. januar 1837 skulle to av Søren sine døtrer tilbake til prestegarden i Førde, dagen etter dei hadde feira trettande dag jul hos onkel Christen og tante Elisabeth på Ålhus. Drengen kom frå Førde og henta dei med hest og slede. På vegen sette det til med blåst og uvær, men jentene var godt innpakka i vadmelsklede og saueskinn, så dei heldt seg varme. Då dei kom ned til garden Flata, kom plutseleg den store grova der med eit stort snøras som sopte både hest og folk av vegen. Heilt ned i elva Jølstra bar det. Drengen med hest og slede klarde på mirakuløst vis å kare seg oppatt til vegen, men dei to jentene forsvann i den frådande elva.

Då prestedrengen kom til Førde med hest og tom slede, seier presten til han: «Litet taaler mine øine at se dig efter denne dag. Dog er det Gud den allmægtige der dømmer dig paa hin dag, ikke jeg».

Maren Kristine på 13 år og systera Sevrine Charlotte på 10 år vart funne att først nokre dagar seinare, i Movatnet. Dette var ei tung hending for prestefamiliane, både i Førde og på Ålhus.

 

Legat

Seinare, same året, reiste prestefamilien Daae til sitt nye kall i Lindås, der dei vart livet ut. Men, tida i Jølster var ikkje gløymd.

 Etter at både Christen og Elisabeth var gått bort, fekk borna deira den 19. mai 1866 oppretta eit kongeleg stadfesta legat på 100 speciedaler (400 kroner då, nær 30 000 kroner i dag), der rentene av legatet kvart fjerde år skulle delast på ein eller to trengande personar i Jølster kyrkjelyd. Slik ville arvingane vise Jølster at dei sette pris på tida der, og slik ville dei nok også at Jølster ikkje skulle gløyme denne prestefamilien.

 Men, eksisterer «Sogneprest Christen Daae og hustru Elisabeth Marie Friis´s  legat» framleis i dag, og hugsar Jølster prestefamilien Daae?

 Legatet er ikkje å finne i Lotteri- og stiftingstilsynet sine register i dag. Det har nok gått ut med tida, eller blitt slått saman med andre støtteordningar ut på 1900-talet, ettersom 400 kroner utan rentevekst før eller seinare fekk mindre verdi. Men det var nok ein god del Jølstringar som fekk nytte av pengar frå dette opp gjennom åra. Om ikkje nokon hugsar denne prestefamilien i dag, er no denne artikkelen eit lite bidrag til at dei kan det.