
Lokale historier frå Jølster
Den tidlegare kommunen Jølster med sine majestetiske fjell omkransar det vakre Jølstravatnet. Eit vatn som var ferdselsveg og gav mat på bordet til Jølstringane frå dei første som slo seg ned her. Men, også eit vatn som kunne være lunefullt og kreve liv.
Ein del av å drive med forsking på slekt, er at ein blar seg gjennom eit utal skriftlege kjelder, som folketeljingar, kyrkjebøker og sjølvsagt bygdebøker.
Innimellom dukkar det opp ledetrådar til historier, som berre delvis er fortalt, eller ikkje fortalde i det heile tatt. Utan å skrive dei ned, vert både hendingar og personar gløymde. Her er nokre historier som kan bidra til at dei ikkje vert gløymde. Alle har rett til å verte hugsa, på godt og vondt.
På veg ned frå Bjørsetfjellet ein septemberdag i 2017. Fotograf: Sissel Dvergsdal Fossen.
Lag din egen nettside med Webador