Pinsehelga 1854
Pinsehelga har i 1000 år vore ei av dei heilagaste kyrkjehøgtidene i det kristne Noreg.
I 1854 fall første pinsedag på sundag 4. juni. Det var ei sosial plikt at gardane var representert i kyrkja denne dagen. Nokre måtte sjølvsagt være att heime og gjere nødvendig husdyrstell, men noko arbeid på markane eller anna støyande aktivitet var ikkje lov.
Soleis var det også på Jølster denne helga. Utvalde, gjerne av dei som ikkje møtte i kyrkja sist det var preike, gjorde seg i stand og reiste i sine finaste klede til kyrkje.
I Jølster veksla soknepresten Michael Sundt Tuchsen Fasting sine preiker mellom Ålhus og Helgheim kyrkjer, annankvar gong. Preika første pinsedag var dette året i Ålhus kyrkje. For presten var det kortare veg, for dei som sokna til Helgheim vart det denne sundagen ein lengre veg. Og vegen var i hovudsak Jølstravatnet.
På Helgheim var det Johannes Hans Johannesson, også kalla «Store-Helgheimen», som hadde garden på det som ein gong var hovudbruket. Den store og sterke gardmannen var gift med den 11 år eldre enkja Ragnilde frå Lyngstad. Ho hadde vore gift med Nils Jakobsson Skrede, født på Flatjord. Ragnilde hadde fleire born frå det ekteskapet, men alle var no vaksne. Men, Ragnilde og Johannes Hans hadde den 13 år gamle odelsguten Nils heime på garden.
Akkurat denne pinsehelga hadde Ragnilde besøk i frå slekta si på Lyngstad. Mellom desse var Jon Jonsson Lyngstad d.y. sine søner, Axel og Nils på 11 og 13 år. Jon var bror til Ragnilde og gift med Sofie Agote Akselsdotter frå Befring.
Tidleg sundags morgon gjorde Store-Helgheimen Johannes Hans seg klar for kyrkjeferd til Ålhus. Med seg fekk han sonen Nils og Lyngstadgutane. I tillegg vart to andre på Helgheim med til kyrkje. Det var den 32 år gamle broren til Johannes, «Jakob i Slåtta», og den 21 år gamle drengen Tollev Johannesson. Jakob var gift med Mari Nilsdotter frå nabobruket på Helgheim og budde på ein bygsla teig kalla «Slåttå». Drengen var født på Erikstad og var eldste guten til Johannes Johannesson Årdal og Lucie Tollevsdotter frå Erikstad. Mora hadde slekt her på Helgheim.
Ragnilde sende med ei tine med reisemat. Litt spekekjøt, lefsebrød og eit stort glas med surmjølk kunne gjere godt på turane fram og tilbake. Likevel ikkje meir enn at dei skulle være svoltne på sundagsmiddag når dei kom heimatt.
Seks menn entra båten framfor frå naustet ved Helgheimselva og tok fatt på de ein til to timars lange turen til Ålhus kyrkje for andeleg påfyll. Båten, etter alt å døme ein færing, lokalbygd i Jølster hadde to ro-par. Store-Helgheimen og broren Jakob tok naturleg nok første økta med årane.
Båtar i fjæra ved Breimsvatnet på Re i 1872. Biletet kan illustrere typisk lokalbygde robåtar brukt også på Jølstravatnet. Opprinneleg foto: K. Knudsen, Marcus UIB.
Sterke karar rodde med lange taktfaste åretak sørover. Den grunne og relativt flatbotna, knapt 5 meter lange færingen var laga med berre fire bordgangar. Båten var lett å ro, lett å snu, men også lett å dra opp i fjæra. Sjølv om det var i juni månad, kjende dei på den noko kjølege austanvinden, men dei hadde både den og småbølgene i ryggen, og held god fart.
Fram om Sandneset stilna det heilt og fjella spegla seg i vatnet. Sjølv om sola gøymde seg bak eit vekslande skydekke, var det ein nydeleg dag å være på vatnet. Dei yngre i båten fekk høve til å prøve kreftene sine med å ro litt, og dei eldste kunne ta seg ein pause, ein liten matbit og litt surmjølk.
Rett etter dei passerte Bjørset, skjedde det som av og til kan skje på Jølstravatnet. Nær sagt ut av ingen ting, kom ein kastevind som skaka kraftig i båten. Så sette det inn med meir vind frå sida og båten kom ut av kurs. Dei vaksne bykste opp for å ta over årane og få kontroll over båten. I tumultane no kom det for mange på ei side i båten, eine ripa kom under vatn, og båten gjekk rundt. Alle dei seks om bord hamna i vatnet, og ingen kunne symje.
Festkleda av vadmelsull og tunge støvlar var no meir eit lodd om livet, framfor noko hjelp i det kalde vatnet. Det vart ein panisk dødskamp i vatnet og alle gjekk under.
På mirakuløst vis krabba han Jacob i Slåtta seg i land under Skjærsura. På folkemunne skal han i ettertid ha sagt noko slikt som: «Eg gjekk til botnar. So kjende eg ein stein under meg og krabba meg oppover ura til eg fekk hovudet over vatnet og fekk puste, i aller siste liten».
Verken Johannes Hans og sonen Nils, Lyngstadbrødrene Axel og Nils, eller drengen Tollev, var ikkje å sjå att. Dei var alle vekke.
Jakob kom seg til folk og fekk hjelp til å kome seg att etter kampen i vatnet. Det vart så leita og sokna i vatnet etter dei andre. Først eit par veker seinare var alle dei fem omkomne funne.
Andre pinsedag var det gudsteneste i Helgheim kyrkje. Sokneprest Fasting vart då rodd frå Ålhus til Helgheim, forbi staden der dei fem omkom dagen før. Men, han noterer ikkje noko om hendinga i notatsidene i kyrkjeboka, berre kvar det var preike desse to helgedagane i 1854.
Med Johannes Hans og Ragnilde sin son Nils sin bortgang, var også odelsguten i Nilstunet på Helgheim vekke. Det vart då Johannes Hans si syster, Oline, som saman med mannen Johannes Flatjord som førde slektsgarden vidare.
Ragnilde reiste til Klakegg og vart to år seinare gift med enkjemannen, gardbrukaren og ordføraren Ludvik Gundersson. Ludvik var frå Åsen, men hadde no eit bruk på Klakegg etter fyrste kona Katerina. Akkurat korleis det ekteskapet kom i stand krev ei eiga historie.
Jakob og kona Mari vart buande på bygsels plassen i Helgheimslåttene. Dei levde av husflid og jorda, samt Jakob sine attåtnæringar som kjøkemeister og kyrkjeklokkeringar.
Klypp i frå kyrkjeboka 1854. Kalde fakta ført i pennen av soknepresten Fassting, og ikkje noko meir.
Kjelder: Kyrkjebøkene for Jølster Prestegjeld, Jølster bygdebok, Digitalarkivet, Nasjonalarkivet, samt munnlege kjelder. Arbeidet med å skrive denne historia avdekka manglar og feil i bygdeboka. Fakta her kan såleis avvike ifrå kva ein har lese andre stader. Skildringa av båtreisa og sjølve ulukkeshendinga er forfattaren sine eigne tankar om korleis det gjekk til, men relatert til dåtida og andre liknande hendingar på Jølstravatnet.
© Vidar Fossen, 2026.
Lag din egen nettside med Webador