Lokal Førde historie

Slektsforsking gjev mange biprodukt som historier om menneske som har levd før oss, ikkje berre datoar og årstal. Kven levde kvar, korleis livnærde dei seg, kva godt og gale har dei gjort? Innimellom dukkar det opp fasinerande historier som er verdt å ta vare på, historier som ein helst ikkje skulle snakke om av ulike årsaker. I dag, med tilgang på digitaliserte arkiv, bygdebøker og andre historiske verk, finn vi at mykje faktisk er dokumentert og skrive ned, sjølv om ein ikkje snakka om det i generasjonar heime. Bli med på ei reise tilbake i tid og oppdag skjulte perler frå tidlegare tider, kanskje du finn noko som kan koblast til di slekt?

Saman er vi er forplikta til å bevare og dele vår felles kulturarv, meiner no eg.

Førde gjennom tidene

Førde har, som så mange andre stader i Norge, utvikla seg gradvis frå eit lite bondesamfunn, til å verte eit senter for handverk og industri til det moderne handelssentrum vi kjenner som Førde i dag.

Du vil finne unike fotografier og skildringar som gjev eit bilete av korleis livet var her for fleire generasjonar sidan. Kvart bilete og kvart namn har si eiga historie. Håpar du likar det du finn.

Det eldste kjende motivet frå Førde er eit måleri av Hans Leganger Reusch, datert før 1835 som syner utsikta i frå Kvilefurua i Halbrendslia.

Kven var førdianaren?

 

PÅ 1800-TALET var han nok som sunnfjordingar flest, litt treig, litt skeptisk og helst ville han få ete fyst før han gjorde noko.

Lensmann, prest og andre «kondisjonerte» kom som regel til Førde utanfrå, så førdianaren var oftast bonde, plassmann, dreng, hushjelp, handverkar eller dagløna lausarbeidar, det som trengst for å få tene seg ei krone. Fiske var gjerne ei attåtnæring, spesielt vinterstid når ein ikkje kunne drive med jorda.

Han skulle gjerne ha blå og slitesterke vadmel ullklede, gjerne med ditto vest, alt formsydd av ein lokal skreddarar eller ei kone i familien. Under vesten måtte gjerne ullskjortene vere raude, kvite var helst til helgebruk.

På føtene ville han ha gode og solide sko laga av garva skinn frå den lokale garvaren, sydde av ein av Førde sine mange skomakarar, eller han hadde laga dei sjølv.

Førdianaren kunne lage godt øl, noko også presten i bygda kunne sette pris på. Øl var viktig å ha med seg når presten skulle ut i soknet og hente inn skatt og gjere andre ærend. Ein kom ikkje langt dersom ølet tok slutt. Då streika skysskarane.

Dei kunne også kivast seg imellom, førdianarane. Rettsbøkene er fulle av alskens krangel frå munnhogg til slag, for tjuveri av ved til dyr, beiting på anna manns eigedom og reale slåstkampar med avrive øyre som resultat. Men drap var sjeldan førdianaren tok seg til, så gale skjedde knappast. Berre nesten.

Kyrkjegjengar var han også. Ikkje berre fordi han var gudeleg og trudde på bodskapen, eller fordi det tidvis var plikt til å møte i kyrkja. Det var på kyrkjebakken han trefte andre og gjorde avtalar om sal og byte av varer og eigedom, og det var ofte her han fann seg ei kone. Heldigast var han om han fann seg ei jordejente, ei som hadde rett på, eller eigde eit gardsbruk. Ho kunne gjerne vere enkje, og alder var av mindre betydning målt opp mot at han vart eigar av gardsbruket straks dei var gifte.

Var han ikkje så heldig å finne seg ein leveveg verd å leve i Førde, så reiste han ut av bygda. Først og fremst gjekk då turen ut Førdefjorden og til Bergen, men særs mange gjekk om bord i seglskuter, seinar dampskip, som tok dei heile vegen til Amerika. Nokre gjorde det godt der, andre ikkje. Nett som heime i Førde.

Truleg ikkje så spesiell likevel, førdianaren.

 

 

Opphavleg foto:
Knud Knudsen 1869-70, Marcus UIB. Tittel: Mand fra Søndfjord.

Repro: Vidar Fossen (KI)