Bilde: Oslo Botsfengsel fotografert av Anders Beer Wilse i 1904

KRIM

Lokale kriminalhistorier frå eldre tider er fasinerande lesing. Om ein ser vekk i det strabasiøse med å lese dette i gamal handskrift eller gotiske bokstaver. Kjelder finst, og med tolmod kan ein finne noko som er interessant nok til å skrive om. I tillegg gjev slike historier eit bilete på korleis folk hadde det i eldre tider. På godt og vondt.

På midten av 1800-talet byrja Oslo Politikammer å fotografere straffedømde, mellom anna for at dei enklare skulle kjenne att kriminelle gjengangarar. I dette "forbrytaralbumet" finn vi også lokale personar som har vore på kant med lova i korte eller lengre periodar av sitt liv. Alvorlege lovbrot som ran, vald og drap høyrer til unntaka.

Den vanlegaste lovbrytaren var ein fattigsleg person frå arbeidarklassen som sonar nokre månaders straff for mindre tjuveri, Vinninga var sjeldan stor, og ofte var lovbrotet drive fram av rein naud. Første gongs lovbrot vart som regel avgjort lokalt med bøter. Kunne lovbrytaren ikkje sjølv betale måtte familien trå til, i den grad dei hadde midlar til det. Etter tredje gongs lovbrot vart det fengselsstraff, gjerne med tvangsarbeid. Men, kom dei til Botsfengselet i Oslo, vart dei ofte foreviga, på linje med meir velståande folk som hadde råd til å gå til fotograf av fri vilje.

Eit bilete fangar lett merksemda til ein som har interesse for lokal historie, og ein kan gjengje noko av hendingane i livet til ein person. Alle har si historie, men dei fleste vert gøymde eller gløymde, av naturlege årsaker. Det alltid litt stigma knytt til at nokon i slekta ein gong har vore på kant med lova, men hensikta med å skrive om desse er ikkje å henge dei ut på nytt. Hensikta er å gje personen ein plass i historia, til minne om korleis det var for enkelte å leve. Då som no, ikkje alltid ein dans på roser.

Les nokre lokale "kriminalhistorier" frå eldre tider, her:


Lag din egen nettside med Webador