KRIM
På midten av 1800-talet byrja Oslo Politikammer å fotografere straffedømde, mellom anna for at dei enklare skulle kjenne att kriminelle gjengangarar. I dette "forbrytaralbumet" finn vi også lokale personar som har vore på kant med lova i korte eller lengre periodar av sitt liv.
Familiefaren som forsvant
Mathias Gullak Mortensen Bruland er født på skotårsdagen, 29. februar i 1872 på Bruland i Førde. Han vert boren til dåpen i Førde gamle kyrkje 1. april. Foreldra er Morten Tjøstelsen Brenden, vegarbeider frå Lesja, og Anele Gundersdotter Bruland. Anele har teneste hos futen på Bruland og dei bur på ein plass under garden Gjel.
Straks Mathias er konfirmert må han, som så mange andre som ikkje har velståande foreldre eller har odel til ein gard, ut og brødfø seg sjølv. 18 år gamal er han på vårparten i 1890 i teneste hos bonden Anders Trulsen på Kirketeig i Førde. Her treff han den 12 år eldre Johanne Martine Danielsdotter frå plassen Havna under Kirketeig. Johanne er syster til kona på garden, Anne, og har hatt arbeid her i fleire år.
Møtet med Johanne fører Matias kjapt ut i vaksenlivet. Han og Johanne gifter seg i september 1890, og allereie i november same året får dei ei dotter.
Utan eige hus får dei bu hos foreldra til Johanne på plassen i Havna. Arbeidet for bonden på Kirketeig gjev minimalt med utkome, så Mathias tek etter far sin, og får seg arbeid som vegarbeidar. Det er store veganlegg under bygging i Sunnfjord på denne tida. Mellom anna den statsfinansierte vegen frå Førde til Vadheim. Strekninga frå Halbrend i Førde til skysstasjonen på Langeland vert ein heilt ny vegtrassè i forhold til den gamle Postvegen. Her er det mykje lokale folk i arbeid, siste halvdelen av 1890-talet, og løna var noko betre enn på gard.
Småbarnsfedre får rang føre einslege på slike veganlegg. I denne perioden får Mathias og Johanne endå 3 born. Slik sett er Matias godt kvalifisert for å få arbeid.
Johanne og Mathias får sitt femte barn i 1899. Vegen opp Halbrendslia er ferdig og Mathias må lenger ut i geografien for å finne seg arbeid. Som mange andre frå Førde og elles i Sunnfjord, finn han seg arbeid på Bergensbana, Den nye togstrekninga mellom Bergen og Oslo er det største byggeprosjektet i Noreg på denne tida. Men, det å ha arbeid her medfører lengre reiseveg og at han sjeldnare kan reise heim att i friperioder. Avstanden vert større og større til Førde. Ikkje lenge etter det nye århundret har starta høyrer ingen i familien heime noko meir i frå Mathias. Ikkje kjem han heim, ikkje sender han brev, telegram eller pengar. Åra går, utan noko livsteikn.
Heime i Førde gjer Johanne sitt beste for å gje dei fem borna ein god oppvekst, åleine. Straks eldste borna er store nok til det, hjelper dei mora med dei minste. Johanne er framleis i arbeid for systera Anne og mannen Anders på Kirketeig. Livet er hardt som aleinemor.
Ved folketeljinga i 1910 ser vi at Johanne har gjeve opp trua på at mannen Mathias er i live. Ho vert her ført opp som fattigunderstøtta enkje og arbeiderske.
Men, utan at nokon i Førde veit det, er Mathias sprell levande, ein annan stad i landet. Mathias starta i året 1900 på Bergensbana og arbeidde seg i frå vest mot aust, til han i 1905 vert innkalla til militær teneste. At han først vert innrulla i ein alder av 33 år tyder på at han ikkje har vore lett å få tak i, også for militærmakta. Normal alder på vernepliktige på denne tida ver 22 til 30 år. Men, i tilkyting til den pågåande lausrivinga i frå unionen med Sverige, treng det norske forsvaret alt dei kan få inn av mannskap.
Tenesta gjennomfører han på Ringerike, etter alt å døme på Hvalsmoen, der ingeniørkorpset har sin leir. Dei treng erfarne veg- og jernbanearbeidarar som Mathias. Under tenesta kjem det fram at Mathias ikkje er heilt enkel å ha med å gjere. Han kan være sta og eigenrådig og går helst sine eigne vegar, bokstaveleg sagt. Noko av grunnen kan være at han ikkje var spesielt motivert for i det heile tatt være innrullert. I løpet av tenesta får han straff for både ordrenekt og drukkenskap, og rett før dimmitering vert han dømd for oppvigling og ordrenekt ovanfor overordna befal. I sum gjorde dette til at han får ein sivil dom på 6 månader i fengsel, etter endt militær teneste. Soninga skjer i Oslo, i det berømte Botsfengselet, der han også vart fotografert som fange nr. 9664.
Etter han slepp ut i frå fengselet, 19. februar 1907, vert han værande i Oslo. Han tek seg tilfeldig arbeid innan veg og andre anlegg, som sokalla lausarbeidar. Her møter han ut på året hushjelpa Petra Nikoline Olausen frå Røyken og dei vert kjærastepar. Mathias fortel nok ikkje til Petra at han er gift frå før, og held det truleg for seg sjølv, lenge. I 1908 får paret ei dotter og dei bur saman i Oslo.
Men, Mathias har meir på gong. I 1910 vert han far til endå ei dotter. Mora er den 25 år gamle Anna Haraldsen, ei syerske frå Viker i Ådal på Ringerike, som no bur og arbeider i Oslo. I kyrkjeboka for Ådal er det notert at barnefaren Mathias er «enkemann» og barnet er «uekte». Kan Anna ha vore eit bekjentskap frå tida Mathias oppheldt seg på Ringerike?
Dette vert uansett eit sidesprang, for Mathias. I 1913 får Mathias og Petra ei dotter nummer to. Alle fire bur saman i Bekkegata 8, i Oslo og Mathias har fått seg arbeid i vegetaten, i Oslo kommune.
Heime i Førde reiser tre av Mathias og Johanne sine born til Amerika, ei dotter har fått teneste i Bergen og ei gifter seg på Ulltang i Førde. I 1920 bur Johanne hos ei dotter og svigersonen i Ulltangvikja. Johanne døyr jonsokaftan 1930, utsliten, 70 år gamal.
Seinare får Mathias greie på at kona Johanne i Førde er gått bort. I 1932 går han til skifteretten og får gjort opp skifte med sin gamle familie. Straks det er formelt i orden, går Mathias og Petra, som no bur i Vallhallveien 22 i Oslo, til byfogden og gifter seg.
Resten er ei anna historie. Men, utan fotografiet frå fengselet hadde neppe denne historia blitt skiven.
Tekst: Vidar Fossen.
Kjelder: Justismuseet, Digitalarkivet, Jernbanemuseet, Nasjonalbiblioteket og Førde bygdebok.
Fange nr. 9664 Mathias Gullak Mortensen Bruland fotografert i Botsfengselet i Oslo, 1906.
Frå bygginga av Bergensbana ved Kleven mellom Hallingskeid og Myrdal. Kleva bru under bygging i bakgrunnen, Kleven tunnel til høgre.
Postkort, Ant. J. Karlsen, Bergen 1905.
Lag din egen nettside med Webador