VISKEDALSRANET
Tidleg om morgonen tysdag den 17. februar 1874 loffar den 85 år gamle kårmannen Anders Viskedal ut på tunet. Etter å ha slått lens i bærbuska rett utfor døra, ruslar han vidare over tunet med mål for stabburet. Ein tur han går nesten dagleg, om han er frisk nok til det. Siste månadene har han i periodar vore svært sjuk, men i dag er han betre enn på lenge. I handa har han stabbursnøkkelen, som om natta har sin faste plass i putevaret, i senga.
I det han opnar ytterdøra inn til fremste rommet, får han sjokk. Ei av to kister som skulle stå i inste rommet i stabburet er kome ut her. Med skjelvande hender får han låst opp neste dør. Det er knapt med lys der inne så tidleg om morgonen, men likevel nok til at han med vantru kan slå fast at den andre kista ikkje er å sjå. Det mest verdifulle han eig, viktige dokument, likklede og alle pengane hans låg i denne kista. Alt er no vekke. Han set i eit kraftig gaul.
Garden Viskedal ligg flott til straks etter ein kjem til Holsavatnet frå Moskog i retning Holsen. Vegen går godt 30 år seinare framleis gjennom gardstunet, som den gjorde i 1874. Foto utlånt av Gerd og Arvid Årskaug.
Anders Andersson Viskedal var fødd på Viskedal i 1789. Han tok over gardsdrifta på Viskedal, i vestre enden av Holsavatnet, etter far sin i 1829. Same året fekk han kjøpt ut Konsul Henrik Janson i Bergen, og vart sjølveigar på garden. Anders var driftig og dreiv garden godt. I tillegg til den tradisjonelle gardsdrifta med jordbruk og husdyr av alle slag, var det godt med fiske i vatnet. Og, det var få stader i distriktet som hadde ein så rik og storvokst fureskog som på Viskedal.
Anders vart gift med Oline frå Nydalen, på sørsida av Holsavatnet. Saman fekk dei tre jenter, men sorga var at ingen av dei levde opp og vart vaksne. Om dette verka inn på trua til Anders er ikkje sikkert, men i tillegg til å gå i kyrkja regelmessig, hadde han også si overtru, til liks med mange andre i bygda.
Ein februardag i 1851 oppdaga han at kastenota han hadde hengande i naustet sitt var sporlaust vekke. Han spekulerte ein god del på korleis han skulle få tjuven avslørt, eller nota tilbake, men han finn ikkje noko ledetråd han kunne fylgje. Tapet var uansett for lite til å påkalle lensmannen. Men, så kom han på noko. Han let det gå ut eit rykte i bygda, at han vil ta kontakt med sokalla «visekjerringar». Dei var kjende som synske, og ville heilt sikkert hjelpe han med å løyse saka. Og, det hjalp. Ryktet hadde knapt nådd ut i bygda når Anders nokre dagar seinare fann nota tilbake på sin faste plass i naustet. Bygdefolket hadde tydelegvis respekt for dei "vise", kven dei måtte være.
Utan eigne born som levde opp, tok Anders og Oline til seg ei pleiedotter, Anna Olsdotter frå plassen Bogen, under garden Bakka på Holsen. Foreldra til Anna var reist til Førde for å forpakte prestegarden der. Anna var til stor hjelp på garden. I ein alder av 68 år var Anders sliten og vil trappe ned gardsarbeidet. Han skøytte då garden over til pleiedottera, som same året gifta seg med den 16 år yngre Anders Ludviksson frå Slåtten i Jølster. Aldersforskjel betyr lite for ein mann når han kan få ein gard med i giftarmålet.
Anders og Oline sat no på kår, men dei slapp ikkje alt i frå seg. Onsdag 11. desember 1861 vart den nye kyrkja på Holsen vigsla av prost Johan Christie, og Anders og Oline sat på fyrste benk. Året før hadde Anders fått hogd og levert alt tømmeret til kyrkja, frå eigen skog. Det var kort veg til den nye saga til naboen Ole på Ytre Fleten, som var sagførar. Saga var avhengig av god vassføring i elva. Sidan det var material til kyrkja dei lagde, fekk dei til og med velsigning av prosten til å sage i vårflaumen på Kristi himmelfartsdag.
Leveransen til kyrkjebygget gjorde Anders til ein godt velhalden mann. Pengane vart lagra i ei kiste i eit stabbur, som i same tid fekk installert ein ekstra sikker dørlås med sokalla «tyverismekke». Førde Sparebank, som var etablert i 1842, stolte han ikkje på. Dessutan var banken så langt vekke at det var ei dagsreise om han vil sjå til pengane sine. Nei, då var det sikrare heime. Her kunne han sjå til pengane sine dagleg om han ville, og med nøkkelen under hovudet sov Anders trygt.
Alle på garden Viskedal høyrer det kraftige gaulet frå Anders ute i stabburet, denne tysdag morgonen.
Dei kjem springande til. Både gards- og tenestefolk. Anders får stotra fram at den blå kista med alle verdiane hans er vekke. Medan nokon tek seg av den skjelvande Anders, byrjar andre å undersøke kva som faktisk har skjedd.
Stabburet er bygd slik som dei fleste stabbur, i tømmer og på stavar eller stolpar, slik at krypdyr skal ha vanskar med å kome seg inn. Midt i det inste rommet, der den blå kista hadde stått, har det kome eit hol i golvet. Ein halv golvplanke er teke vekk. Opninga er ikkje stor nok til at kista kan ha fare den vegen, men stor nok til at ein person kan kome seg opp.
Frå undersida av stabburet kan ein straks slå fast at her har nokon brukt ein navar og bora 22 hol i den breiaste golvplanken. Så har vedkomande brukt ein kniv til å spikke vekk resten, slik at golvbordet vart delt. No var det berre å løfte opp eine bordenden, for golvborda er ikkje spikra til bjelkane, berre halden fast av golvlista langs veggen. Noko trongt må det likevel ha vore for den som hadde teke seg opp her. På kanten av holet kan ein sjå blodflekkar som sikkert stamma frå tjuven.
Sjølv om Anders hadde forsynt stabburet med sikraste lås som var å oppdrive, så kan ein klare å låse seg ut innanifrå, utan nøkkel. Konklusjonen var klår. Tjuven har kome seg inn frå undersida av stabburet, og låst seg ut innanifrå. Etter at kista var ute, har tjuven smekka dørene att. Såleis var dørene låste når Anders kom ut den morgonen. Kista som står att i første rommet var nok teke ut først, men så har truleg tjuven i mørkret forstått at det ikkje var den rette kista. Då vart det nok innatt for å hente den andre. Alt tyder på at det er kjentfolk som har vore på staden, som visste kva kiste det var verdiar i.
Det er vinter, men likevel bar mark denne morgonen. Dei finn fleire spor. Utanfor stabburet ser ein tydelege avtrykk etter støvlar. Spora i marka viser tydeleg at to par hælar har bore tungt. Tjuvane er minst to. Ein har det typiske avtrykket etter alminnelege støvlar som nær alle gjekk med på den tida, men den andre var av ein finare sort, nettare og med mindre og spissare hælar. Ein sko eller støveltype som ikkje er så vanleg her på Holsen.
No vert det sendt bod etter lensmann Olai Elias Steen i Førde. Samtidig fylgjer gardsfolket fotspora fram til ein sommarfjøs, 4–500 meter frå gardstunet. Her finn dei kista, oppbroten med makt. Likklede, dokument og anna som Anders hadde i kista var i godt behald, men det var ikkje ein mynt eller pengseddel å sjå. Fleire utbrende fyrstikker på staden vitna om at tjuvane hadde hatt behov for lys, for å finne og plukke med seg alt av pengar.
Men, kvar har dei teke vegen? Igjen kan gardsfolket fylgje avtrykka vidare frå sommarfjøsen. Spor etter to par sko, no noko mindre tydelege, går skrått over marka og i retning Mo og Førde. Er det farande fant som har vore på ferde?
Den sprekaste hesten på Viskedal vert sala opp og ein av drengane på garden vert sendt til Førde for å få tak i lensmannen. Når drengen kjem fram til Bruland, finn han lensmannen heime på Brulandsbakken. Den 60 år gamle Olai Elias Steen, som har vore lensmann i Førde i nær 20 år, var ikkje tung å be straks drengen hadde fått stottra fram eit bilete av den alvorlege hendinga på Viskedal.
Lensmannen bad straks ein av sine drengar om å spenne hest for karjolen, snarast råd.
Ut på ettermiddagen kjem lensmann Steen til Viskedal med karjolen sin. Han får snakke med alle som har vore på Viskedal denne morgonen. Med sjølvsyn ser han det same som gardsfolka har sett, og får eit godt bilete av hendinga og dei faktiske forholda. Men, førebels kjem han ikkje vidare i saka, utover å registrere kva som har skjedd. Eit uverkeleg utspekulært ran på garden Viskedal har gjeve den gamle Anders Viskedal eit tap på ein stad i mellom 500 og 600 spesidalar. Den røynde lensmann Steen ser noko snart at dette vert ei vanskeleg sak å få løyst, og nokre dagar seinare innser han at etterforskinga går i stå. Nye opplysningar må kome opp, om han skal kome seg vidare i saka.
Lensmann Olai Elias Steen (1814-1902) Fotograf ukjend/Dombestein-Steen slekt/NB
Om etterforskinga ikkje kjem noko vidare, så er ranet på Viskedal det store samtaleemnet utover våren og sommaren. Stadig kjem det fram historier, teoriar og rykter om kven som kan være tjuvane. Mange av bygdas folk vert nemde med namn og mistenkte. Men, det er vanskeleg å navigere mellom kva som er sant og ikkje sant i alt som florerer av rykter og bygdesnakk.
Anders sjølv kjem no meir aktivt på bana, det er på tide å gjere noko som faktisk kan oppklare saka. Noko alternativt, slik han løyste saka med garnnota som vart vekke. Det er meir mellom himmel og jord enn det som står om i Bibelen, tenkjer han. Han sender bud på ein «sandsiger», ein vis mann frå Nordfjord, Jo Brændefaar. Det er ein mann med godt rykte på seg for å finne ut av saker og ting. Anders er sterk i trua på at denne karen med sine uvanlege evner vil kunne «sjå» tjuvane.
Jo Brædefaar kjem til Viskedal og set seg inn i dei faktiske forholda, men også i rykta som går. Etter eit par dagar med full kost og losji på Viskedal, konkluderer han med fylgjande utsegn: «Pengane er ikkje stolne, men røva. Dei som har teke pengane trur sjølv dei har rett til dei». Men, noko konkret utover dette, kan ikkje Brendfaar levere. Dette gjer ikkje Anders eller nokon andre noko klokare. Den vise sannseiaren frå Nordfjord får med seg godt med niste og vert sendt heimatt.
Tida går. Først i byrjinga av desember månad i 1874, sju månader etter ranet, skjer det noko vidare. Ingebrigt Viskedal Mo, yngste halvbroren til Anders, går til lensmann Steen i Førde. Det kjem då fram at Ingebrigt er den som var innsett som arving i Anders sitt siste testamente. Han har på eiga hand samla og systematisert mykje av det har blitt sagt på bygda av både laust og fast. Dette vert overlevert til lensmannen saman med Ingebrigt sin konkrete mistenkte, den 35 år gamle Ludvig Holsen. Ludvig er gift med dotter til ei avdød syster til Anders Viskedal, ein av dei mange som etter Anders sitt testamente er blitt avskoren for arv.
Ludvig har ikkje fast arbeid, men titulerer seg som kramkar eller skrepphandlar, og reiser gjerne rundt og kjøper opp noko som han straks kan selje att, helst med forteneste. Det kan være verktyg og slike ting, men det kan også være levande dyr. Alt som kan omsettast er av interesse for Ludvig. I tillegg er han kjend som ein dyktig jeger, spelemann og kjøkemeister. Ein talefør og allsidig mann på mange måtar. Økonomisk står det likevel ikkje så bra til, han har for kort tid sidan forlete garden han hadde til fordel for eit leigd hus for seg og familien på 6, og fleire er på veg.
Med informasjonen frå Ingebrigt tek no lensmann Olai Steen tak i saka på nytt. Endeleg noko konkret nytt å gå etter. Berre nokre dagar seinare vert det gjort husransaking hos Ludvig og familien. Ransakinga gjev ikkje noko resultat, men når lensmannen samlar opp det som ligg føre av påstandar og utsegn frå folk i bygda, vert det likevel sett i hop ei sak mot Ludvig Holsen.
Ludvig J. Holsen (1839 - 1892) Fotograf ukjend/Marcus UiB
I tida fram til sjølve rettsaka vert det halde fleire rettsmøter på Holsen, og her kjem det også fram eit nam på ein annan mistenkt i saka. Den 52 år gamle Markvard i Bakka kan også være ein av tjuvane. Markvard er opprinneleg Jølstring, men gifte seg til Bakka på Holsen. Ludvig og Markvard var mykje å sjå i lag.
Vitner som står fram fortel mellom anna at etter ei preike i kyrkja, der presten hadde bede for Anders Viskedal som var så sjuk, høyrde dei han Markvard sa til Ludvig: «Det er no på høg tid». Ei kort tid etter det, men framleis før tjuveriet, var det halde barsøl i Utigarden på Holsen. Her kan vitner melde at Ludvig og Markvard hadde snakka om Anders sine pengar. Her sa Markvard: «Stolne vert dei, og stolne skal dei bli.»
Skrivarfullmektig Valør styrer møtet og konfronterer Markvard med desse viteutsegna. Markvard forklarar at dei hadde snakka om kverna hans. Det var på høg tid at han fekk måling på kvernhuset. Det siste hugsar han ikkje at han har sagt. Dessutan var han heime den aktuelle kvelden og natta, så han kunne ikkje ha vore på Viskedal. No står fem av Markvard sine husfolk fram og vitnar at han snakkar sant om at han var heime denne natta. Påtalemakta får ikkje fram noko meir som knyter Markvard til tjuveriet. Han er no i praksis ute av saka.
Men det er annleis når det gjeld Ludvig. Valør køyrer på. Eit punkt er kvar han var natta tjuveriet hadde skjedd. Ludvig fortel at han på fastelavensmåndag hadde fylgje med andre Holsingar til Førde på marknad. På heimveg valde han å fylgje ein annan kjenning, og dei hadde ein stogg i ølstova ved Landabrygga på Hafstad ei stund. Denne kjenningen vitnar at Ludvik gjekk frå Hafstad i åttetida om kvelden. Ludvig fortel at han syntes han såg lys då han passerte Viskedal, men då han kom nærmare gardstunet var det heilt mørkt. Han var heime på Holsen i eitt- eller to-tida, seier han.
Her kjem no naboen til Ludvik til lite hjelp. Han vitnar at han var ute grytidleg den morgonen og traff på kona til Ludvik. Han hadde spurd om Ludvik var vel heimkomen etter marknaden i Førde. Då hadde kona svara at han nett var komen heim, og låg i senga si. Ingen av dei to visste då om noko ran, men dette vitneutsagnet plasserer no Ludvik i ei plausibel tidsluke der han hadde god anledning til å utføre ranet.
Kona til Ludvik vert spurd om ho kan stadfeste det naboen seier, noko ho gjer. Men, ho legg til at ho ikkje hadde noko klokke. Ludvig kan ikkje seie anna til dette enn at det ikkje kan være rett. Han står fast på at han var heime mykje tidlegare på natta.
Eit anna punkt fullmektig Valør kjem opp med, er utsegner frå fleire vitner at Ludvik hadde eit stygt sår på nasa i tida etter ranet.
Ludvik erkjenner såret, men påstår det skjedde nokre dagar seinare. Han var i skogen på jakt og traff på ei ørn som gav han dette såret. Sånn er det med det, meiner han.
Lensmann Steen og skrivarfullmektig Valør har også lagt ned mykje arbeid i å kartlegge økonomien til Ludvig. Han måtte selje garden sin for litt sidan, på grunn av vanskar med økonomien. Inntektene han fekk av å være småbrukar, spelemann, jeger og skrepphandlar var ikkje nok til å fø kone, born og seg sjølv. No sat han og familien i et lite hus på leigd jord. Men, straks etter ranet kunne ein spore ei endring. Fleire vitner fortel at dei har fått tilbake skuld frå Ludvig, og reknestykket til dei høge herrar konkluderer med at han brukte meir pengar enn han tente i året som gjekk etter ranet. Men, Ludvik påstår det må vere feil i det reknestykket. Det kan skuldast at det må være noko han ikkje kom på at han hadde tent. Han skriv no ikkje ned alt.
I alt 60 vitner er involvert i rettsmøta som vert halde fleire stader i bygda, mellom anna hos Lars Kristiansen Høgset og i Støa på Holsen. Den 15. juli 1875, eitt år og fem månader etter ranet, vert det avsagt dom i saka. Ein einstemmig underrett ved Sorenskrivaren i Sunnfjord, leia av fylkesmann Nicolai Ditlev Ammon Rædertunvald, frikjenner den tiltalte Ludvig Johannesen Holsen for Viskedalsranet.
Men, det vert ikkje slutt på alt med det. Påtalemakta ankar saka inn for Overretten, og det vert sett nye etterforskarar på det etterkvart omfattande saksmaterialet. Nye avhøyr av vitner og nye indisiar, spesielt rundt økonomien til Ludvik, vert lagt fram og gjennomgått i den minste detalj.
Det vert no vitna at Ludvig hadde oppsøkt naboen og bedt han endre på utsegnet om tida han meinte Ludvig kom heim om natta. Her forsvarar Ludvig seg med at han sa ikkje det slik, han meinte berre at det kunne være opning for at naboen hadde teke feil av tida.
Det kjem også nye innspel frå Ludvig sin nyoppnemnde forsvarar. Han sår tvil om at tjuveriet faktisk hadde skjedd natta før den morgonen det var oppdaga. Det er ingen på Viskedal som kan vitne at dei har vore inne i stabburet og sett kista med pengane dagen før. Dei spesielle avtrykka etter sko i marka vert også teke fram att av forsvaret. Ingen kan stadfeste at Ludvig, eller andre i distriktet, har hatt så spesielle sko.
Så må det nevnast at påtalemakta får kritikk i Overretten for å ha fått kona til Ludvig til å vitne mot mannen sin, utan å forklare for ho at ho ikkje hadde plikt til det.
Etter to nye månader med arbeid for påtalemakt og forsvar, vert det den 13. september 1875 avsagt ny dom i Bergen Stifts overrett. Retten er noko delt, men fleirtalet avgjer at Ludvig er frifunnen for andre gong.
Det at retten no ikkje er einstemmig, tek påtalemakta som eit godt teikn for sine påstandar, og saka vert anka på staden inn for Høgsterett. Høgsterett aksepterer ankebehandling, og både påtalemakt og forsvar sliper knivane sine til ei siste runde.
Anders Viskedal får med seg utviklinga i saka. Og sidan ingen så langt er dømd, får han nye ressursar til Viskedal som forhåpentleg kan oppklare den. Det finnst andre enn Brændefaar som har spesielle evner. Ein av dei er Tunvallen frå husmannsplassen med same namn, ovanfor Sande. Tunvallen kjem til Viskedal for å vise fram kva han kan. Men, det viser seg fort at han ikkje har det som skal til for å mane fram tjuvane, han heller. Han får med seg noko spekekjøt i bagasjen og vert sendt heimatt til Tunvall.
Plassen Tunvall mellom Sande og Lunde ca. 1890. Fotograf Axel Lindahl. Plassen Viskedalsvika ca 1910. Nærmaste naboen til Viskedal. Fotograf Olai Fauske.
Når Tunvalden skuffa Anders, sender han no Anders Ludviksen, saman med naboen Johannes i Viskedalsvikja, nord til Ryssdalen i Gloppen. Her får dei henta Ryssdalsmannen ned til Viskedal får å finne tjuvane. Men, om Ryssdalsmannen faktisk kom fram til noko, vil ikkje Anders seie noko til nokon om. Kan det være slik at Anders fekk svaret her?
Månadene går, og 7. mars 1876, over to år etter ranet hos Anders Viskedal kjem Høgsterett si votering og dom i saka. Aktor er Advokat Bergh, mot Ludvig Nikolai Johannesen Holsen som vert forsvara av advokat Stang.
Retten får heile saka belyst av så vel aktorat som forsvar. Før dommaren avseier sin konklusjon i høgsterett, vert det meste av saka sitt innhald opplest på nytt for retten. Det mest interessante kjem mot slutten, og lyder slik:
«Det er ikkje på det reine at tjuveriet verkeleg fann stad natta til 17. februar 1874. Det vart oppdaga om morgonen, men det er inga forklaring i saka som tilseier at nokon var i stabburet og såg at alt var i orden kvelden før. Det er likevel sannsynleg at tjuveriet var begått den omtala natta, men bevis finnast ikkje. Det som mest talar for at tidspunktet er rett, er spora som ein straks oppdaga. Spor etter spisshæla støvlar ved stabburet og sommarfjøsen. Dei ville ein ha oppdaga før, om dei var eldre.
Det som talar mest mot tiltalte Ludvig Holsen, er at han har forklart seg både vaklande og uriktig om vesentlege punkt i saka. Slikt som kor mykje pengar han hadde før tjuveriet, og det at han rimeleg sikkert har brukt vesentleg lenger tid på vegen mellom Førde og heimen på Holsen enn det som var nødvendig for ein sprek mann som han.»
«Men, på den andre sida må det også nemnast at det var mykje rykter og påstander i bygda etter tjuveriet, og mistanken gjekk første tida mot mange folk i bygda. Tiltalte kunne med god grunn frykte at når først mistanken festa seg mot han, så ville pengar han hadde om hende forsterke denne. I alle fall når han ikkje alltid kunne bevise at desse var skaffa fram på lovlege måtar. Men det å ha litt pengar er ikkje det same som at dei kom frå Anders Viskedal si kiste, og langt mindre kan det knyte tiltalte til åstaden.»
«Det er ikkje funne store pengesummar hos tiltalte. Spora som tyder på at to personer må ha delteke i tjuveriet, fortel også at ein på ingen måte har funne den rette tråden i denne svært så merkelege saka. At tiltalte kvelden før ikkje hadde spisshæla sko eller støvlar på seg, må ein tru er rett. Men det er også påfallande at ein heller ikkje har funne nokon i tiltaltes omgangskrets som kan fortelle om nokon, inkludert tiltalte, som har slike støvlar. Det er også merkverdig at ingen kan vitne at tiltalte på nokon som helst måte endra adferd eller væremåte etter tjuveriet.»
«Eg må etter dette er sagt, slik som føregåande rettar, votere for frifinning av tiltalte, og at Bergen Stifts Overrett sin dom må stoppast med makt.»
Høgsterett sin dom vert avsagt slik, og Ludvig er, etter mykje att og fram og to års kamp, ein fri mann. Han kan vie livet sitt vidare til det han likar best, drive med kjøp og sal, jakte, og ikkje minst spele Hardingfele i bryllup og andre samkome. Ludvig er ein meister med fela og mange av slåttane han spelar skal gå i arv i fleire generasjonar etter han.
Anders Viskedal får ikkje med seg den endelege frifinninga. Han sovna inn to månader tidlegare, 11. januar 1876. Det seiast at Anders ikkje var noko dårlegare menneske etter tjuveriet. Var det Ryssdalsmannen eller Jesus som gav han fred? Uansett kva, så tok Anders det med seg i grava.
Historia kunne slutta her, men det gjer den ikkje. Saka er ikkje oppklart, og bygdedyret lever framleis. Det dukkar stadig opp nye historier om kva som hende og kven som kan ha rana Anders Viskedal. Høgsterettsdomen er eit endeleg punktum, rettsleg. Men praten går likevel, med og utan noko flytande i kroppen. Fleire torde ikkje seie alt dei visste under rettssakene. Fordi dei var i slekt med dei mistenkte, eller var redde for å verte stempla som tystarar.
Ein av dei som etter kvart torer seie noko, er ein som er nemd som ein litande mann i familie med Markvard. Kvelden før ranet såg han Markvard stege utover Høgsetstranda i mørkret, i retning Viskedal. Markvard var, i fylgje denne mannen, ikkje heime, slik det vart vitna av husfolket hans.
Ein annan kjem opp med teorien om at Ludvig hadde kjøpt seg spisshæla støvlar på marknaden i Førde, lagt dei i sekken sin, brukt dei under ranet, og så brent dei i ovnen då han kom heim.
I 150 år har denne historia både imponert og irritert. Viskedalsranet er uansett eit døme på at vi har eit rettssystem i Noreg som denne gongen dømer etter fakta og bevis, og ikkje etter indisier og rykter. Nokre gonger må vi akseptere at ikkje alle saker vert oppklarde, og av same grunn, framleis lever.
Den norske sagførerforening skreiv i tidsskriftet Norsk Retstidende om saka og dommen. Legg merke til innleiinga:
«Særdeles tvivlsom Tyvsag endt med Frifindelse i alle Instanser.»
Kjelder: Førde Bygdebok, Norsk Retstidende, Harald Mo, Gerd og Arvid Årskaug, Avisa Postbudet, Morgenbladet, Arbeiderbladets ukemagasin, samt slektstreet til Vidar og Sissel på MyHeritage.
- august 2024, Vidar Fossen.
Lag din egen nettside med Webador