"Kvindebedårer og kjeltring"

© Vidar Fossen 2019.

Dette er ein del av historia til ein mann som hadde draumar om eit langt betre liv enn det han vart fødd inn i. Livet hans vart ei berg- og dalbane med vekslande håp og skuffelsar, kjærleik og bedrageri, tillit og svik, fest og moro, sorg og anger, oftast på feil side av lova. I dag har ein bokstavforkortingar til å forklare slike.

I Førde, og sikkert andre stader rundt år 1900, var det berre slik enkelte kunne verte. "Ja, han vart no slik, han dar".

Karl Gustav Trolin kjem til verda på ein torsdag, nærmare bestemt 3. april 1884, ved heimefødsel på plassen Innlaagene på Hafstad i Førde. Ingen anar då at ein av Førde sine "kjendisar" her er fødd, og at det seinare skulle skrivast og snakkast om han landet rundt i mange år.

Foreldra var Olava og den svenskfødde Gustav Bernhard Trolin. Dei kom til Førde som "omstreifarar" i 1875 og slo seg til her. Olava tok husarbeid i bygda og Gustav tok andre tenester for bøndene. Han var flink som blekkmakar og smed, eit arbeid som vart meir og meir etterspurd då bøndene gjekk over til å levere mjølka til meieria som kom opp i alle grender mot slutten av 1800-talet. Då gjekk bøndene vekk frå trespann og trau til kjerald av fortinna jern eller kopar. Industrirevolusjonen var så smått i gang i Sunnfjord. Omreisande folk vart ofte sett på som litt mystiske og mindre truverdige menneske. Ettermælet til Gustav er derimot svært positivt, og han vert beskriven som både arbeidsam, dyktig i sitt fag og til å stole på. Kona Olava vart ikkje like godt likt av bygdefolket. Etter ei tid fekk ho mindre arbeid hos folk, og heldt seg mest heime på Innlaagene, ein plass under Hafstad, der dei fekk sette seg opp hus og verkstad.

Karl Gustav får kanskje ikkje all den omsorg han kunne ha hatt behov for i starten av livet. Som nest yngstemann i syskenflokken, 7-8 år gamal, opplever han ein dag at mora Olava reiser frå mann, ungar, hus og heim, og kjem aldri tilbake. Det resulterer også i at den yngste broren vert adoptert bort. Faren kan ikkje ta seg av det vesle barnet åleine. Karl Gustav er no yngst i husstanden, og får nok gå mykje på sjølvstyr. Skulegang og lekser vert lite passa på av andre.

Nokre år seinare har faren Gustav fått oppløyst ekteskapet sitt med Olava, og 29. mai 1897 kunne han gifte seg på nytt, denne gongen med Andrea frå Hukset i Naustdal. Andrea vart ei god og arbeidsam kone og stemor, men åra utan ei mor i heimen hadde nok allereie påverka den unge Karl Gustav si utvikling.

Det byrjar så smått å verte kjent at denne guten er ein luring, og ikkje alle er like glade for å sjå han luske omkring på leiting etter noko som kunne underhalde han, eller gje han anna verdi. Midt under konfirmasjonsførebuingane, 14 år gamal, får han sitt første møte med lensmann og påtalemakt. Karl Gustav vert då dømd til 20 dagars fengsel for sitt første grove tjuveri. På grunn av alderen går verjerådet inn slik at han får sone på ein "oppdragelsesanstalt" i håp om at det kan hjelpe han til å kome på "rett spor" i livet. Eit par år seinare, i 1900, kjem det melding om at mora Olava, som dei ikkje har høyrt meir ifrå sidan ho reiste, er død av nyresvikt i Bergen. Då bur og arbeider Karl Gustav som dreng hos Salomon og Marte Gregoriusdtr på Via i Førde. Der har han også husvære når han endeleg vert konfirmert med karakteren "Godt", 3. februar 1901, to og eit halvt år etter at jamaldringane var konfirmerte.

Gustav Bernhard og den andre kona, Andrea frå Hukset i Naustdal, fotografert på Hafstad av Olav Bruland i 1910.                     Foto: Olav Bruland/Jul i Sunnfjord 1965.                                                                                       

Karl Gustav veks opp til å  vere ein velbygd, middels høg og pen ung mann, som spesielt jentene fort legg godt merke til. Litt skjegløygd på venstre auge og lyst hår med eit svakt skjær av raudt gjev han ein spesiell karakter, noko spesielt unge jenter kunne like. Trass i lite skulegang framstår han som både veltalande og godt orientert om samfunnet rundt seg, og ikkje minst, generelt pratsam. Han har også teke til seg faglærdom av faren Gustav i blekkmakarfaget, men han ser likevel ikkje på det som noko spennande framtidig yrke. Han har større planar for framtida. Straks etter konfirmasjonen reiser han heilt til England for å lære seg mekanikarfaget, noko han ser på som litt meir "i tida", no som maskiner stadig tek over manuelt arbeid. Her går han i lære eit år før sjølivet plutseleg freistar med både opplevingar, praksis og ikkje minst, betaling. Han tek hyre til sjøs og praktiserer der ein del av det han har lært. Etter tre år til sjøs mønstrar han av og returnerer til heimbygda Førde.

Den fyrste kjærleiken

I Førde prøver han å skaffe seg arbeid og inntekt på gardane rundt om i distriktet. Faren nærmar seg no 70-årsalderen, og det er ikkje så unaturleg at Karl Gustav kan ta over nokre av kundane faren har hatt. Men det vert ikkje så veldig innbringande økonomisk, og det er heller ikkje alle lokale i Førde som vil gje sonen like mykje tillit som dei gav faren hans. Det gjer til at han etter kvart utvidar sitt arbeidsområde godt utover indre Sunnfjord.

Hausten 1906 treff han den unge jenta Bergitta ifrå Svidalen i Jølster. Ho går i teneste på ein av gardane i Førde når dei møtest, og dei byrjar å vere saman. Ut på vinteren forlovar paret seg, og dei planlegg bryllaup. Foreldra til Bergitte har høyrt rykte om denne karen. Dei meiner dette ikkje er det beste valet for dottera, og prøver sette ein stoppar for forholdet. Men Bergitta er hovudstups forelska, og vil ha denne kjekke mannen til sin ektemann. Så vert det slik. I mars 1907 vert det bryllaup i Svidalen, og 14 dagar seinare reiser dei nygifte med båten til Amerika, over Bergen og England. Opphaldet i Amerika vert heller kort; dei er tilbake i Førde etter berre nokre månader.

Heimen og blekkmakarverkstaden til Gustav Berhard Trolin, svensken som slo seg ned på Hafstadvellene i Førde på 1880-talet. Sonen Karl Gustav Trolin er født her i 1884.                          Handkolorert foto: O Fauske/Fylkesarkivet.

Det fyrste bedraget

Vel heime i Førde hausten 1907 tek Karl Gustav opp att sine arbeidsreiser rundt om i Sunnfjord. Han er blakk etter Amerika-reisa. Det fører han ein haustdag til Florø, der han kjem i kontakt med ei ung jente frå byen. Her presenterer han seg som Andreas Nilsen Hafstad, son til den rike Nils Hafstad i Førde, samtidig som han tilbyr ho truloving. Jenta likar mannen og vert djupt forelska. Ho inviterer han heim til foreldra, som også tykkjer godt om han frå første stund. Han får overnatte i heimen deira, og før han reiser igjen, halvsolar faren til jenta skoa hans, som er noko slitne. Det tyder på tillit. Han kjem fleire gonger tilbake til Florø denne hausten, og kvar gong bur han hos familien, og dei snakkar mykje om giftarmålet som skal kome straks. Ein kveld oppunder jul er Karl Gustav igjen på besøk i Florø. Her tek han fram ei bok der han noterer ned ting som skal kjøpast til forloveden og til svigerforeldra, for han skal med båten til Bergen dagen etter. Før han reiser får han låne 5 kroner av frua i huset, slik at han har pengar til han får kome seg i banken i Bergen. Karl Gustav Trolin, alias Andreas Nilsen Hafstad, tek så farvel, og lovar å komme tilbake til jul. Men han kjem ikkje tilbake i jula. Først onsdag 8. januar kjem han tilbake til sin "forlovede". Han beklagar at han ikkje fekk vere hos familien i jula, då noko viktig var kome i vegen. Igjen tek han fram boka si og noterer og diskuterer den tidlegare omtalte handlelista, for han er på ny på veg til Bergen igjen. Han tek farvel endå ein gong, lovar straks å  vere tilbake, men kjem aldri tilbake til sin "forlovede" i Florø.

På heimebane er situasjonen no slik at kona Bergitta ventar deira første barn, og dei har ikkje nokon eigen stad å bu. Når Karl Gustav er ute på sine reiser, får Bergitta bu hos svigerfaren på Hafstad, eller der ho til ei kvar tid kan få seg litt arbeid i kombinasjon med kost og losji. Ho kan ikkje stole på at mannen skal kome heim med pengar til å leve for, så ho må hjelpe seg sjølv. Opp under jul er Bergitta reist opp til foreldra i Svidalen for å bu der dei 3-4 siste månadene av svangerskapet. Karl Gustav kjem på besøk til Jølster og held seg med kone og svigerforeldre til over jul og nyttår, før han igjen må ut på sine viktige arbeidsreiser. Han reiser då til Florø igjen, det som skulle bli siste gongen. Etter dette besøket får han føre seg at han må avslutte dette bedrageriet. Han forstår at det ikkje kjem til å føre til noko meir, og at det er best å gje seg medan leiken er god. Det er no han bestemmer seg for å gjennomføre noko han har tenkt på mange gonger før, ein plan som bør kunne gje monaleg meir vinst enn ærleg arbeid og mindre lureri har klart hittil, og den må settast ut i livet allereie om få dagar.

«Det frekke postrøveriet i Sunnfjord» 

Klokka 5 om morgonen laurdag 11. januar 1908 startar den 64 år gamle Olai Skilbrei på postruta med hest og slede frå Sande til Førde. Han hadde henta posten i Vadheim kvelden før, der den kom med båtar ifrå Bergen og Sogn. I 40 år hadde Vadheim vore knutepunkt for postvegen til Utvik i Nordfjord. Både hest og postførar har fått mat og kvile på Sande om natta før dei legg ut på den 2-3 mil lange vegen til Førde. Etter eit par timar passerer han heimgarden sin på Skilbrei, før han kjem opp til Langeland skysstasjon, siste garden med busetnad før Førde. Framfor han ligg no ei mil på den relativt nye vegen langs austsida av Langelandsvatnet, over Høgda, ned til Bekkjavatnet og vidare ned Halbrendslia til postkontoret i Førde. Snøbyene går tett, vindkasta er kraftige og han synest  vere åleine på vegen denne morgonen. Kanskje tenkjer han på korleis det ville vore å få køyrt med automobil i staden for hest og slede? Det vert nok etter kvart mogeleg på sommarstid, etter at ein no har lagt vegen i slakke slyngjer ned til Førde. Men slike vinterdagar som i dag er det nok framleis berre ein hest som vil klare å ta seg fram, tenkjer han. I enden av vatnet, ligg Timbrevika. Her passerer han kommunegrensa mellom Indre Holmedal og Førde, og vegen stig no oppover til høgste punktet på vegen, Høgda. Olai må gå ved sida sleden for at hesten skal få det litt lettare. Det er tungt å ta seg fram på upløgd veg og i snøkave. Plutseleg, heilt utan noko form for forvarsel, får Olai eit kraftig slag i hovudet. Før han rekk å forstå kva som skjer, smell det i hovudet ein gong til, og han segnar medvitslaus om i snøen. Alt vert svart.

 

Timbrevika i nordre enden av langelandsvatnet. Her kom postføraren Olai vintersdagen i djup snø, rundt svingen og fram til Timbrevika der ranaren slo til.

Foto: Mittet & Co/UiB

Olai vaknar til liv att etter ei stund. Snøen under han er farga raud av blod, hovudet og overkroppen verkjer, og han må anstrenge seg mykje for å klare reise seg opp. Han prøver å sjå seg omkring for å forstå kva som skjedde, men finn først berre at han er heilt åleine der han står, også hest og slede er vekke. Så legg han merke til fotspor i snøkanten. Spora kjem frå ein stor vedstabel ved sida av vegen. Alt tyder på at nokon må ha gøymt seg bak stabelen og angripe han bakfrå for å røve verdiar i posten han har med seg. Vêret har letna litt, og andre spor i snøen tyder på at hest og slede har fortsett i retning Førde. Han mobiliserer det han har av krefter, og kjem seg over Høgda og nedover mot Bekkjavatnet og Halbrend. Etter ei stund finn han hesten og sleden ståande midt i vegen. Han ser straks at postsekkane er skorne opp og innhaldet endevendt. Mistanken hans er bekrefta, pengar og verdiar som måtte ha vore i sekkane, er nok stolne. Heldigvis er det no nedoverbakke resten av vegen, og han kan sette seg på sleden og la hesten gå.

I halv ti-tida laurdag føremiddag kjem Olai sterkt forkomen ned til garden Skjæret på ytre Halbrend. Her tek Rasmus Grimeland seg av den blødande mannen og får stelt han litt før han tek over hest og slede og køyrer Olai til doktoren i Førde. Her får han meir behandling for skadane, og det vert stadfesta at Olai er blitt slått fleire gonger i hovud og overkropp, truleg med ein skarp stein. Han har djupe kutt og har mista mykje blod. Lukka er at han har klart å kome seg ned til bygda og få hjelp så fort. Om han ikkje hadde funne att hesten, er det ikkje sikkert at han hadde overlevd overfallet.

Etter behandlinga hos distriktlækjaren Thorvald Gløersen, vert Olai køyrd til sørsida av Førde og til postopnaren Albert Hafstad i Løkjene. Hafstad kan straks stadfeste at det var både verdibrev, pengar og postfullmakter i sendinga Olai skulle frakte fram. Nøyaktig kor mykje verdi som no er vekke, er ikkje heilt sikkert, men postopnaren anslår ein stor sum, rundt 2000 kroner (ca. 125.000 kroner i dagens (2009) verdi). Det var sendingar frå heile Austlandet, Sogn og Bergen som skulle til ymse mottakarar i Førde, Jølster og bygder i Nordfjord.

Lensmannen i Førde, Albert Steen, vert bodsend, og han får straks avhøyre den sterkt skada postføraren. Men Olai er her til lite hjelp. Han kan ikkje gje noko signalement i retning av ein gjerningsmann. Han har verken høyrt eller sett nokon i tilknyting til overfallet. Han kan berre fortelje om åstaden og korleis han kom seg vidare etter overfallet. Men lensmannen får hjelp av andre. Det som har hendt spreier seg fort i den vesle byda, og det kjem straks fram tips frå personar som har sett ein yngre mann kome ned Halbrendslia same morgonen. Lensmannen kjenner bygda sine folk godt, og når han får høyre at denne unge mannen er den 24 år gamle Karl Gustav Trolin, responderer han kjapt.

Steen får med seg ein betjent og oppsøkjer Trolin sin familieheim på Hafstad. Her finn han Karl Gustav i huset til faren, saman med kona Bergitte. På spørsmål frå lensmannen om kvar han var sist natt, svarer Karl Gustav først at han har sove i dette huset saman med kona. Men så spør lensmannen kona om dette er sanninga. Bergitte er altfor godt oppdratt heimanfrå, ho kan berre ikkje lyge, ikkje ein gong for å hjelpe sin eigen mann. Ho fortel sanninga. Ho hadde reist ned frå Jølster kvelden før for å treffe mannen sin, som etter det ho visste skulle kome heim frå Bergen då. Ho tok som vanleg inn hos svigerfaren, men Karl Gustav kom ikkje som avtalt, og ho sov åleine om natta. Først i dag tidleg hadde han kome inn til ho. Det vart eit kort samvær før lensmannen stod i døra. Karl Gustav vert arrestert som mistenkt og teken med til lensmannskontoret for vidare avhøyr. Nedbroten og ulukkeleg må den gravide Bergitte reise åleine tilbake til Jølster og foreldra sine, utan å ane når ho vil få treffe mannen sin igjen.

Hovudpersonen sjølv, Karl Gustav Trolin. Fotograf ukjend, utlånt av Frank Øen.

Karl Gustav vert på lensmannskontoret informert om situasjonen, og her får han også høyre at vitne har sett han kome ned Halbrendslia. Konfrontert med det innrømmer han at han har gått same vegen over Langeland, men nektar for å han noko med overfallet og ranet å gjere. Indisia mot Karl Gustav vert likevel så sterke at lensmann Steen vel å varetektsfengsle Karl Gustav. Han vert sittande i arresten medan lensmannen startar å leite etter tjuvgodset. Første staden ein byrjar å leite er i heimen på Hafstad. Karl Gustav bur som regel framleis hos faren når han ikkje er på reisene sine. Ein finn ikkje noko i husa på plassen Innlaagene, men måndag morgon finn dei ein portemoné under ei steinhelle borte ved smia til faren. Denne inneheld 20 kroner i setlar. Funnet styrkjer indisia mot Karl Gustav, sjølv om han ikkje vedkjenner seg portemonéen. Lensmannen tek det for gitt at pengane som her er funne er ein del av ranet. 20 kroner (ca. 1300 kroner i dag) er ikkje naturleg å finne under ei steinhelle hos fattigfolk. Leitinga etter verdiposten held fram, men utan resultat dei første vekene.

Den 29. januar, vel 14 dagar etter ranet, vert det samla til vitneforklaringar i forhøyrsretten, mellom anna for å avgjere om ein kan halde på arrestanten. Her møter også Olai Skilbrei for å vitne, og ein kan lett sjå at han framleis har synlege skader etter overfallet. Når han no får sjå Karl Gustav ansikt til ansikt i retten, kan Olai vitne at han har hatt kontakt med denne mannen før. Minst to gonger siste to åra har den arresterte kome med spydigheiter og frekke kommentarar knytt til Olai si postombering, noko ein med yrkesstoltheit reagerer på og hugsar. Det hadde ikkje skjedd noko fysisk tilnærming, berre munnleg munnhoggeri.

Framleis kan ikkje Olai hugse nok til å knyte Karl Gustav til sjølve overfallet, men påtalemakta har no nye indisium mot arrestanten, der ein teori er at ranet kan ha vore planlagt i lang tid. Det vert vedteke fornya varetektsfengsling og vidare etterforsking.

 

Avisene har no byrja å skrive om det "frekke postrøveriet i Førde". Både historia og Karl Gustav sitt namn spreier seg straks i overskrifter over heile landet. "Alle" landsdelar har sine aviser som fylgjer saka med interesse. Medieoppstyret set også påtalemakta under press, og det går prestisje i å få saka oppklart. Det lokale lensmannskontoret har ikkje nok ressursar og kompetanse til å få løyst ei så pass alvorleg og viktig sak som dette er blitt. Statsadvokaten går difor inn for å styrke etterforskinga, og det vert henta ned til Førde ein spesialist på saksoppklaring frå Ålesund Politikammer. Oppdagelsesbetjent Skevik har løyst mange vanskelege saker før han kjem til Førde og tek over ansvaret for etterforskinga. Skevik går systematisk til verks og gjennomfører både rekonstruksjonar og inspeksjonar på åstaden. Hovudmålet er å finne verdiposten og knyte denne til Trolin på ein eller annan måte. Det vert mellom anna gjennomført ein inspeksjon på garden Langeland. Herifrå er det kome tips om at Karl Gustav kunne ha overnatta i løa på garden natta før postranet. Karl Gustav vert frakta opp til Langeland. Han er denne dagen i usedvanleg godt humør, og han viser ei frimodigheit som forbausar alle. Eitt av vitna som står fram denne dagen, er den gamle kona på garden. Ho kan stadfeste at ho kjenner att mannen som no står der med handjern på hendene. Han hadde bede om husly her, natta før ranet. Oppdagelsesbetjent Skevik kan no knyte Karl Gustav til staden, og at han hadde vore i området på Langeland. Det styrkar mistanken mot Karl Gustav, ytterlegare.

Postvegen går gjennom garden og skysstasjonen i søre enden av Langelandsvatnet. Her er det vitna at Karl Gustav sov over natta før ranet i andre enden av vatnet.

"Utan lik, inga sak" seier ein i mordsaker. For statsadvokaten og oppdagelsesbetjent Skevik er det mykje det same. Dei har leita over alt. Ruta Trolin måtte ha gått vert rekonstruert, og kvar ein mogeleg gøymeplass vert undersøkt, meter for meter. Ein månad er no gått utan at verdiposten er funnen og utan noko tilståing frå den arresterte, som framleis sit i arresten i Førde. I tillegg har arrestanten også byrja servere nye forklaringar og påstandar. Han kan no fortelje om ein mann han hadde møtt på veg ned Lia på ransdagen. Han gjev opp fullt namn på denne mannen, og seier at det må  vere han som er postrøvaren. Påtalemakta må forfølge påstandane og avhøyre personen, og det medfører meir bruk av tid. Mannen som no vert avhøyrd hadde faktisk vore oppe i Halbrendsmarka denne morgonen, men då på revejakt og ikkje i nærleiken av der røveriet hadde skjedd. Han seier han hadde sett Trolin denne morgonen, men dei hadde ikkje kommunisert med kvarandre på nokon måte. Mannen, som elles er ein respektert mann frå Halbrend, vert trudd, og etterforsking vidare mot han vert avslutta. Neste trekk frå Karl Gustav Trolin er at han påstår nokon har snakka til han gjennom fengselsvindauget ei natt. Ein ukjend person på utsida hadde sagt til arrestanten at "du er uskyldig, det er eg som har gjort det". Så hadde vedkomande stukke ein papirlapp inn til Karl Gustav der det same var gjenteke skriftleg. Igjen er dette noko som tek tid og heftar etterforskinga, for ein må sjå på alle moment som er knytt til saka. Under arbeidet med desse påstandane kjem det fram at Karl Gustav allereie dagen etter han vart arrestert, hadde fått skrivesaker for å kunne skrive brev til kona. Det vert konkludert med at det heile er oppspinn, og at Karl Gustav har skrive meldinga på papirlappen sjølv.

Oppdagelsesbetjent Skevik føler han er sett litt "tilbake til start" i etterforskinga. Helt åleine tek han seg ein dag i slutten av februar ein ny tur oppover Halbrendslia. Det må vere noko han og alle andre som har leita har oversett, som kan skjule ransutbyttet. Det må kunne finnast noko langs eller svært nær vegen Trolin har gått, for det fanst ikkje relevante spor utanfor vegen. Oppe på grensa mellom Ludviktunet og garden til Petrine og Johannes Øvrebø vert han ståande å sjå på eit risgjerde. Det står som ei forlenging av steingarden som skil dei to bruka, rett etter svingen på vegen. Sjølv om han veit at det er undersøkt før, byrjar han å sparke litt i det, og han legg merke til at det ligg steinar under gjerdet. Han bestemmer seg for å rive ned heile gjerdet i si fulle lengde, med eigne hender. Skevik arbeider hardt og riv ned meter for meter, nærmast i rein forbanning over situasjonen. Og der, i eit holrom der ein stein er tatt vekk, finn han ei stor lommebok. Han forstår straks at han har funne utbyttet. Ikkje berre det, lommeboka har også initialar som knyt den til eigaren, Karl Gustav Trolin. Triumferande tek han dette med ned til lensmann Steen, og saman tel dei opp 1835 kroner i kontantar. Endeleg har dei nok bevis til å føre den mistenkte for retten.

«Røver og kvinnebedårer»

På skotårsdagen 1908 vert det halde avsluttande forhøyr av arrestanten i Førde. Trolin fastheldt si uskuld og tidlegare forklaringar, og har ikkje meir å legge til. Statsadvokaten er likevel tilfreds og beordrar Karl Gustav allereie neste dag, søndag 1. mars, vidare frå arresten i Førde til kretsfengselet i Bergen. Der skal han sitte til første lagmannsting i Bergen kan haldast.

28. april startar rettssaka i Bergen. I tillegg til postrøveri- og overfallsaka kjem bedragerisaka i Florø fram i lyset. Jenta og familien i frå Florø har mellom anna gjennom avisdekninga av postranet kopla den mistenkte Karl Gustav Trolin til den falske forlovinga og pengane han hadde lurt til seg. Dei hadde meldt forholdet og fekk no vitne i retten. Slik møtest dei no ansikt til ansikt igjen, dei fornærma og bedragaren, og det vert vitna under eid at det er same mann. Rettssaka vert avslutta 5. mai, og dom fell dagen etter: Karl Gustav Trolin vert dømd til 7 år i fengsel for grovt overfall med lekamsskade, røveri av post og verdiar, samt bedrageri under falsk identitet. Når han no går i fengsel, sit kona att på Jølster med ein èin månad gammal, men velskapt, unge. Dei vil måtte klare seg åleine.

Nyevegen ned Halbrendslia ca 1908. Husa til Petrine og Johannes Øvrebø ovanfor vegen. Opprinneleg foto, J. B. Rekstad.

Med rettssaka og dommen blussar også mediestormen opp att, og det vert igjen skrive om saka i nær sagt alle landets aviser, frå nord til sør. Overskrifter som "Røver og kvinnebedårer", "Bedrageren og elskovssyke piger" bidrar til lesarane si interesse. Om enn ikkje av beste grunn, men ein kjendis må no Karl Gustav Trolin likevel kunne kallast.

I Bergen er det i 1909 429 menn og 27 kvinner inne til soning. Fengsla over heile Noreg er under modernisering, og dette året får dei fleste også innlagt elektrisk lys. Forholda er rimeleg sunne og gode, fangane får næringsrik mat, og alle får tilgang til prest, jamlege gudstenester og nattverd. Arbeidstilbodet er også godt og variabelt. Her kan fangane drive med til dømes skomakar-, snikkar-, tømrar- og blekkmakararbeid. I 1910 vert Karl Gustav overført til fengselet i Kongensgate 85 i Trondheim. Status her er "fange og jernbanearbeider".

Heime i Sunnfjord må Bergitte sørge for seg sjølv og barnet som best ho kan. Straks etter fødselen er ho i arbeid igjen, først ei tid på heimegarden, så hos naboar på Jølster. Etter ei tid får ho seg arbeid i Sundsdalen i Førde. Her bur og arbeider Bergitte med husgjerning og kreaturstell hos skomakar og enkemann Andreas Andersen på plassen Stenhaugen. Det no to år gamle barnet er sjølvsagt også med. Arbeidsam som ho er, held ho liv i barnet og seg sjølv, og tida går sin strevsame gong.

Medan Karl Gustav sit i fengselet i Trondheim, gjer automobilen seg meir og meir gjeldande, også i Sunnfjord. I 1912 opnar ein for fyrste gong for rutetrafikk med bilar på strekninga frå Vadheim til Sandane, gjennom Førde. Dette vert byrjinga på slutten for postruta som Olai Skilbrei køyrer med hest og kjerre eller slede.

«Foretninger i Bergen»

15. mars 1913 vert Karl Gustav Trolin lauslaten frå fengselet på prøve. Han har vist god oppførsel, og er no ute igjen i det fri, to år og 8 månader tidlegare enn det det dommen sa. Når han no kjem tilbake til Førde, oppsøkjer han kona si og får for første gong sjå barnet sitt, som no er 5 år. Han lovar bot og betring, og Bergitte får god tru på at no skal alt bli betre. Karl Gustav tek seg på tak og prøver stadig å få seg litt arbeid i nærområdet, det vere seg blekkmakararbeid eller anna som byr seg. Men det er ikkje lett, det er framleis ikkje alle som vil ha han i arbeid her i bygdene. Få har gløymt kva han har gjort. Fram mot jul dette året, ber han om å få reise til Bergen for å ordne med noko "utestående forretningsaffærer", samt handle inn blekktøy. Bergitte, som er blitt gravid igjen, vert redd for at han skal gå tilbake til gamle synder. Men dersom ho og barnet får vere med til Bergen, så er det greitt.

Neste dag vert det oppstyr på hotellrommet på Norheim. Han som tidleg vart lagt til sengs vaknar og oppdagar at han manglar både klokke, tobakksdåse og ei lommebok innehaldande rundt 30 kroner. Dei to brørne får tidleg mistanke til Hagelund, mannen dei hadde vore saman med dagen før. Dei går straks til Misjonshotellet og oppsøkjer mannen. På spørsmål om Hagelund har dei bortkomne verdisakene i forvaring, får dei til svar at det har han ikkje. Brørne vil likevel gjerne få komme inn og gjennomgå rommet og bagasjen til Hagelund. Dei ser at koffertane står ferdig pakka på golvet. Det får dei ikkje, Hagelund og familien er klar for å reise og har ikkje tid til slikt tull. Dei må gå med uforretta sak. Men, den eine strilen gjev ikkje heilt opp og legg på sprang ut i byen for å finne ein politikonstabel som kan hjelpe han. Han finn ikkje nokon konstabel i gatene rundt Strandgaten, så han freistar vidare opp til politistasjonen. Heller ikkje her er det råd å få med seg nokon som vil hjelpe, basert på forklaringa som vert gjeven om berre eit mogeleg tjuveri. Og Karl Gustav, alias Hagelund, og familie kan fritt forlate byen med dampbåten i retning Sunnfjord.

«Den slue bedrageren og hans elskovsyke pige»

Industrieventyret Trengereid Fabrikker tok for alvor av då fabrikken i 1910 valde å bygge ny fabrikk på Solheim utanfor Bergen. Her vart fabrikken ein av dei store norske produsentane av lisser, band, snorer og strikk, samt vikleband til elektronikkindustrien som så smått var kommen i gang. Spesielt unge ugifte kvinner var ettertrakta arbeidskraft på fabrikken, som søkte over heile Vestlandet etter arbeidskraft.

Den unge Oleane er ein tidleg januardag 1914 på veg tilbake til denne arbeidsplassen etter ein fin juleferie heime på Jølster. Ho har seg arbeid som syerske på den først starta fabrikken på Trengereid, eit godt arbeid som ikkje er råd å finne i heimbygda. På dampbåten mot Bergen kjem ho i snakk med ein kjekk mann som presenterer seg som Nikolai Kristiansen Bruland frå Førde. Han kan fortelje at han kjenner far til Oleane, og det vert til at dei held kvarandre med selskap resten av turen. Vel framme i Bergen om morgonen går dei på kafé og snakkar mykje saman. Dei vert her så fortrulege med kvarandre at Nikolai beint fram frir til ho. Oleane er i lukkerus og seier at ho straks vil skrive til far sin om dette, slik at han kan gje si velsigning. Nikolai seier då at det treng ho ikkje gjere, han skal sjølv skrive og be om handa til Oleane. Vidare fortel han at dei kan sjå framtida lyst i møte, då han har 2000 kroner i Førde Sparebank, og i tillegg diverse uteståande andre stader, mellom anna i Odda. Han har også møblert husvære og 2 syklar oppe i Florø. Så om han får bestemme, vil han at dei skal gifte seg allereie til påske. Oleane vert om mogeleg endå meir forelska og imponert over denne mannen. Før ho tek farvel for å ta toget vidare opp til Trengereid, kommenterer han klokka ho har på seg. Han synest den er for billig for ei så pen jente som henne, så om ho vil overlate klokka til han, skal ho få eit mykje betre ur tilbake, når dei treffast igjen. Han får sjølvsagt klokka med seg og dei kysser kvarandre farvel.

Oleane er heilt oppe i skyene, og straks ho kjem til arbeidsplassen på Trengereid leverer ho si oppseiing. Ho ber om å bli løyst frå stillinga si før påske, for då skal ho gifte seg. Nokre dagar seinare får ho telefon frå Nikolai. Han er diverre blitt narra for noko av det han har uteståande i Odda, så han er litt i beit og ber henne om å sende han 20 kroner, som eit lån. Oleane har ikkje meir enn 14 kroner, men dei får ho straks telegrafert over til han. Nokre dagar seinare kjem Nikolai på besøk til ho på Trengereid. Dei er saman her ei stund, og kjærleiken blømer. Etter litt fortel han noko meir om korleis han er blitt lurt for pengane han var blitt lova at han skulle få. No må han som snarast til banken sin i Førde og ta ut av dei 2000 kronene han har ståande der, han treng berre nokre kroner til transpoten. Ho trur framleis på Nikolai, og før han reiser frå Trengereid får han låne endå 5 kroner, alt ho har i kontantar.  

Etter dette møtet ser ho han ikkje igjen, og han gjev ikkje lyd ifrå seg. Det er vanskeleg å akseptere, men litt etter litt byrjar ho å ane at ho kan ha blitt lurt opp i stry. Ho tek til slutt mot til seg og kontaktar far sin på Jølster. Her får ho lite trøyst. Faren kan berre fortelje at han ikkje kjenner nokon Nikolai Kristiansen Bruland. Ho er nok blitt utsett for eit simpelt bedrageri, og det er berre ein ting å gjere, melde denne mannen til Politiet.

Politiet tek Oleane på alvor og tek i mot meldinga. Etterforskinga medfører at lensmannen i Førde får i oppdrag å finne Nikolai, ettersom han har bustad i Førde. Her finn lensmannen ut at det må  vere den Nikolai som er son til Rasmus Kristiansen Bruland, og reiser opp for å avhøyre han. Det kjem fort fram at han ikkje har vore i Bergen i dei aktuelle tidsromma, og det kan vitneførast. Nokon må ha misbrukt hans gode namn og rykte. Lensmannen, som no er Per Schei, grublar litt på dette. Han har teke over stillinga frå Albert Steen nokre år tidlegare. Til liks med gamlelensmannen er Per Schei frå Førde og kjenner dei som bur her godt. Det tek ikkje lang tid før han har plukka ut nokre andre førdianarar som potensielt kan  vere bedragaren som har lurt Oleane. Øvst på den heller korte lista står namnet til ein tidlegare klassekamerat til Nikolai.

Onsdag 8. april 1914 er dagen før skjærtorsdag. Det er klassisk vårvêr, søraustleg liten bris og 7-8 varmegrader. Lensmann Per Schei har henta inn Karl Gustav Trolin til avhøyr på lensmannskontoret om bedragerisaka mot Oleane frå Jølster. Avhøyr og andre vitneforklaringar saman med politiets etterforsking resulterer i at Karl Gustav no vert formelt arrestert, sendt til Bergen, og sett i varetekt til saka kan gå for retten. Frå varetektsfengselet skriv Karl Gustav brev til Oleane. Her ber han ho om å trekke meldinga tilbake. Han beklagar det han har gjort, og forklarer det med at han ikkje hadde det så bra når han møtte Oleane. Kona var svært sjuk i vinter og han var sliten. Han skriv også at kona no ligg for døden, og han ber om tilgjeving. Han er sikker i si sak, han veit ho vil tilgje han, no som ho får høyre kvifor han hadde gjort det han hadde gjort. I tillegg skal ho få femti kroner når han berre kjem seg ut av varetektsfengselet. Oleane svarer ikkje på brevet, men tek vare på det til rettssaka startar. Karl Gustav vert sitjande i varetekt. I tida fram til rettssaka skal starte, vert Karl Gustav også kopla til etterforskinga av tjuveriet i Bergen, der ein stril vart fråstolen både lommebok med pengar, eit ur og ei tobakksdåse i sølv. Ein personkonfrontasjon under etterforskinga avklarer at hr. Hagelund i realiteten er Karl Gustav Trolin.

Rettsmøtet kjem opp i Bergen rett etter Pinse, 3. juni. Heile denne elles overskya dagen går med til forklaringar frå både fornærma, vitne og tiltalte. I saka om tjuveriet på Hotell Norheim forklarer tiltalte seg utførleg og langt på veg likt med strilane sine forklaringar. Men han står på at han ikkje har stole noko, og har heller ikkje på noko tidspunkt hatt mogelegheit til det. "Det var jo alltid ein av brørne til stades", seier han. I saka om bedrageri av Oleane vel den tiltalte ikkje å forklare seg utover det han har sagt i tidlegare avhøyr. Brevet han har skrive til Oleane medan han var i varetekt, vert lese opp i retten. Det seier jo sitt og er vanskeleg å motseie. Neste dag regnar det, og lagretten kjem med fylgjande dom: 1. Ikkje skuldig i tjuveri på Hotel Nordheim. 2. Skuldig i bedrageri av Oleane. For dette siste punktet får Karl Gustav 90 dagars fengsel med fråtrekk for 54 dagar i varetekt, pluss 20 kroner i sakskostnader. I seg sjølv er dette ei relativt overkommeleg straff, men sidan Karl Gustav er lauslaten frå tidlegare dom på prøve, må han no sone resten av denne også. Dei neste to åra og 10 månader skal han no på nytt sitte bak murane, og på nytt er han på avisene sine framsider i både aust og vest. Ei avis som referer frå rettsaka brukar overskrifta «Den slue bedrageren og hans elskovsyke pige» for å pirre lesarane. Og når karl Gustav vert far for andre gong, knappe 14 dagar etter rettssaka, må kona Bergitte endå ein gong klare seg åleine.

 

«Terra nullius»

Forholda i norske fengsel er ikkje blitt verre med åra, og det er stort fokus frå myndigheitene si side at sjølv om eit opphald her skal vere ei straff, så er riktig og godt kosthald også viktig.

Våren 1917 kjem Karl Gustav ut frå fengselet betydeleg fyldigare enn før, ja nærmast tjukkfallen er han blitt. Han prøver på nytt å ta opp samværet med kone og born, og Bergitte tek han til seg att og håpar endå ein gong at no må det gå dei godt. Men, det vert vanskeleg for han å få seg arbeid i Førde og næraste område. Bergen er heller ikkje lenger ein stad der han kan unngå sitt etter kvart så tvilsame namn og rykte. Han søkjer seg difor lenger vekk frå Sunnfjord for å skaffe seg arbeid og inntekt. Ein stad han kjem til, tek han på seg arbeidet med å legge koparbeslag på eit kyrkjetårn. Arbeidet er ikkje utan risiko, og sikring av arbeidarane er nok heller dårleg. Plutseleg ein dag glepp fotfestet, og Karl Gustav sklir ned tårnet, ut i lufta og rett i bakken. 

Det er eit stygt fall på mange meter, men han overlever på mirakuløst vis. Nakke og rygg vert kraftig forslått, og det vert fleire veker med pleie før han er på beina att. Seinare skal det vise seg at han her tek med seg følgjeskadar i form av plutselege svimmelheitsanfall og hovudverk. Arbeid i store høgder vert ikkje aktuelt etter dette, men han tek likevel snart ut på nye reiser. Det vert no også lenger og lenger mellom kvar gong han besøkjer familien, og når han er innom så snarast, har han sjeldan pengar å bidra med. Tvert imot, om Bergitte har nokre sårt oppsparte midlar, klarer han å få tak i desse før han på nytt reiser ut att. Etter ei stund slik, fram og tilbake, vert han lenge vekke. Svært lenge, og ingen heime veit kvar han er.

Det er fleire grunnar til at Karl Gustav ikkje gjev lyd ifrå seg. Sølvgruvene på Kongsberg trekkjer framleis til seg arbeidarar, handelsreisande og andre frå heile landet. Nokre får seg godt arbeid, andre ikkje. Hausten 1918 vert Karl Gustav meld for tjuveri i Numedal og Sandsvær fogderi. Freistinga vert for stor når han ser mogelegheitene, samtidig som han ikkje er smart nok til å skjule spora sine. 5 månader i Kongsberg fengsel er ikkje akkurat noko å skrive heim om.

Men, i fengselet får han på nytt god tid til å spekulere på kva han skal finne på, helst noko så han ikkje kjem oppatt i det same endå ein gong. Han kjem over historia om amerikanarane Ayer og Longyear som allereie i 1906 etablerte koldrift i industriell målestokk i dette "Terra nullius", ingenmannslandet Svalbard. Rykta går i fengselet om hardt arbeid, men gode inntekter. Det reine "ville vesten", berre kaldare.

Svalbard, det må  vere ein bra plass, tenkjer han. Langt vekke, ingen kjenner han, og det bør  vere mogeleg for ein allsidig mekanikar og blekkmakar å få seg arbeid der. Det vert slik. Etter fengselsopphaldet set han kursen med båt til Svalbard. Her skal han halde seg dei neste to åra. Heime veit dei ikkje noko om kvar han er eller kva han gjer.

På rømen

I februar 1921 vert det meld eit tjuveri frå eit hus i Etne i Sunnhordland. Tre menn har forsynt seg med diverse handelsvarer, tepper, klede og sko. Tjuvgodset er av ein slik art at det må  vere delvis til eige bruk, men også for vidaresal. Det heile verkar i utgangspunktet noko amatørmessig, men samtidig litt actionfylt. Tjuvgodset vert frakta frå huset i ei stolen, raudmåla hardangerkiste og nokre rypesekkar, ned til ein båt i fjæra, med eigarane hakk i hel. Her hastar dei tre mennene ut på sjøen og ror for fulle muggar for å stikke av. Med to par årar i mørket som fall på, greier dei å kome seg unna. Men dei er alle tre kjende for folket i Etne, så dei vert straks etterlyste med fullt namn. Ein av dei mistenkte vert nokre dagar etter pågripen i Haugesund, men dei to andre kjem seg unna med den same stolne båten endå ein gong. Ein av desse to er identifisert som Karl Gustav Trolin, observert iført grå dress og med sitt varemerke, ein brun sixpence på hovudet. Begge vert etterlyste med fullt namn i lokalavisene. Samtidig som den no 40 år gamle Karl Gustav er på flukt frå lovas lange arm på Haugalandet, skriv avisene Bergens Tidende og Firda om faren, Gustav Bernhard Trolin, i høve hans 80-årsdag. Det vert skrive om far Gustav sin dramatiske ungdom før han kom til Førde, og hans gode namn og rykte som ein ærleg og strevsam arbeidar, som har klart seg med lite i sitt enkle hus på Hafstadvellene i snart ein mannsalder. Opphaldet på fastlandet vert kort for Karl Gustav. Han returnerer snarast til Svalbard; der vil ikkje lensmannen på Haugalandet finne han.

Nok er nok

 Medan Karl Gustav styrer på med sitt til tider hektiske og dramatiske liv, sit kona Bergitte att i Førde med to born og eit strevsamt liv som aleineforsøgar. Takka  vere sitt ærlege vesen får ho støtte og hjelp ifrå sine sambygdingar, men helst i form av arbeid som motyting. Når Andrea, den andre kona til svigerfaren Gustav, døyr hausten 1921, hjelper ho også svigerfaren i huset på Hafstad. Tidvis bur ho med borna der, når ho ikkje har anna huspost eller arbeid med losji.

Sommaren 1924 har ho huspost på Bruland, og her erkjenner ho at ho ikkje lenger kan vente på at mannen skal komme tilbake. Karl Gustav har ikkje vist seg i Førde, eller på annan måte tatt kontakt, på meir enn fem år. Ho bestemmer seg for å søkje skilsmisse, slik at ho, om ho finn nokon, kan få mogelegheit for å finne ein ny mann. Det vil gje ho eit betre liv, tenkjer ho. Ho skriv til Kong Haakon, og med si pene handskrift forklarer ho sin situasjon og ber kongen om oppløysing av ekteskapet. Saman med attestar frå lensmann Per Schei, Andreas R. Bruland og Karl O. Hafstad vert søknaden postlagt. Lensmannen sin attest er svært tydeleg. I tillegg til å sanne innhaldet i søknaden til kongen, skriv han: "At Bergitte Trolin er fattig og i de senere år ikke skattlagt, attesteres. Karl Gustav Trolin vites ikke at eie andet enn det han staar og gaar i, -om han eier det". Klår tale utan innpakning frå ein embetsmann. Det er ingen midlar å slåst om i ei slik skilsmisse. I august får Bergitte si skilsmissebevilling frå kongen, signert "under rigets seil" av statsminister Johan Ludwig Mowinckel.

Dette er Bergitte sin handskrivne konvolutt og søknad, til Håkon Norges Konge, om skilsmisse. Ein ser også attestar frå Lensmann Per Schei og arbeidsgjevaren til Bergitte, Andreas Rasmussen Bruland.                 Kjelde: Nasjonalarkivet i Oslo. Foto: Vidar Fossen.

Nye røverier

Hausten same året, utan å vite at han no er ein skild mann, er Karl Gustav igjen tilbake på fastlandet, denne gongen på Sunnmøre. Depresjonen som kom midt i 1920-åra har også nådd Svalbard, og det går nedover med gruveindustrien. Det var like godt å reise heim att, men ikkje til Førde. På Sunnmøre har han veslebroren sin. Den 3 år yngre broren som vart adoptert vekk som liten, bur her som gift fiskar og familiemann. Litt lenger nord er han innom trakter som foreldra hans også var i for femti år sidan, før dei seinare enda opp i Førde. Sør om Moldefjorden ein stad er det ei grav. I grava ligg han som kunne ha blitt ein ti år eldre storebror, men som tragisk nok døydde same dag som han var fødd. Ein storebror kunne sikkert ha vore god å ha, sjølv for ein 40 år gamal omreisande og einsleg mann. Karl Gustav kryssar no Moldefjorden, og livnærer seg på å tilby sine tenester som handverkar og blekkmakar. Men etter ei stund i distriktet vert det igjen nye utfordringar. Opp under jul vert han arrestert av lensmannen i Tingvoll og ført til fengselet i Kristiansund. Han er mistenkt for ei rekke tjuveri som er gjort mellom anna på Sildnes i Eide, på Gimnes og i Bolsøy, stader der Karl Gustav har vore innom på sin veg. Medan han sit i arrest og forsikrar si uskuld, vert han også kopla til ei heilt anna sak. Under avhøyra på Tingvoll er eit av argumenta til Karl Gustav at han har ikkje behov for å stele og drive med tjuveri. Han er velståande og har 13.000 kroner på bok, seier han. Denne siste utsegna vert då kopla til ei hending tidlegare på hausten, og han vert overført til Molde for vidare avhøyr der.

Det er nemleg slik at postruta mellom Molde og Batnfjorden vart rana i byrjinga av november. Sjølv om hest med slede eller vogn no er erstatta av den etter kvart så vanlege automobilen, er også den sårbar, spesielt når sjåføren har ein stopp og skal eit ærend under vegs. Saka hadde ikkje medført noko dramatisk for føraren av bilen, ut over at verdipost var blitt stole. Men, saka er uoppklara og ransutbyttet er temmeleg nøyaktig 13.000 kroner. Under avhøyr og vitneforklaringar innhenta i Molde, vert det også klart at Karl Gustav hadde tatt seg oppdrag i det aktuelle området i same tidsrommet ranet hadde skjedd. Her har han også tjuvlånt ein båt og vore vekke nokre dagar før han dukka opp att. Han innrømmer å ha brukt båten, men vil ikkje seie kvar han har vore desse dagane. Indisia er svært sterke, men Karl Gustav nektar plent for å ha noko med dette å gjere. I tillegg nektar han å fortelje namnet på banken han har pengar i. Dette synest nok rart i dag, men på den tida var det ikkje lett å finne ein bankkonto når eigaren ikkje gav sitt samtykke til innsyn. Etter fleire veker i arrest og forhøyr, gjev påtalemakta opp og legg bort saka. Karl Gustav vert frikjend for postranet, men 21. mars 1925 får han likevel 5 nye månader i fengsel for tjuveria frå gardane han hadde vore innom på sin veg. Samstundes innfører Postverket nye rutinar for frakt av post i området. I tillegg til sjåfør, skal det no også alltid vere med ein postbetjent i bilen for å sikre transporten.

 

Det gode liv og trugsel med kniv

Den 29. november 1924 vart jernbanelinja frå Åndalsnes til Dombås offisielt opna av Kong Haakon. Det hadde då gått med 14,5 millionar arbeidstimar til anlegget og kosta kring 49 millionar kroner, ei vesentleg overskriding av budsjettet på 8 millionar. Anleggsarbeidet vart for det meste utført med handkraft, og hestar, bensin- og damplokomotiv vart brukt som trekkraft. Over 500 menn var sysselsette i arbeidet. Sju arbeidarar omkom i anleggsperioden. Mange av arbeidarane her reiste så vidare til anlegget på Flåmsbana.

Straks Karl Gustav slepp ut av fengselet, er han klar på at Møre og Romsdal heller ikkje er staden for han. Førde er heller ikkje noko alternativ, han veit no at han ikkje lenger er gift med Bergitte. Han pakkar rypesekk og koffert, og set kursen inn Romsdalsfjorden til Åndalsnes med båt. Her kjem han seg fort fram til Dombås med toget, og vidare til Lillehammer-traktene, no mest til fots. Han fartar rundt på kryss og tvers, over til Nordre Land, Aurdal, Hallingdal og til Ringerike, fram og tilbake.

 

Klok av skade bruker han no ikkje sitt eige namn, men diktar som regel opp eit nytt namn på kvar plass han oppheld seg over litt tid. Også yrkesmessig er han som tidlegare, fleksibel. Han er blekkmakar eller koparslagar der det passar, han er mekanikar, handverkar og til tider også handelsmann, der det passar. Han har ofte noko i kofferten som også kan seljast. Folket her, både nede i dalane og ikkje minst på stølane oppe i fjella, er svært gjestfrie, og han vert godt motteken og vist tillit overalt. Nokre stader får han bu over lenger tid, gjerne fleire veker, om han tek til takke med å sove på eit golv, over fjøsen eller i høyløa. Også på stølane får han bu i fleire dagar om gongen. Dei fleste stølsjentene likar godt selskap av ein framandkar som kan snakke for seg og som er lett å like. Og det er ikkje noko minus at han av og til også har med litt fint "tøi" eller anna, som gåve for opphald og stell. Her har han fridomen han elskar, selskap når han vil, og livet går nærmast på skinner for Karl Gustav. Heilt til ein sommardag i 1926.

Tidleg ein morgon, på gardssetra i Nordre Land, sit Karl Gustav og et sin frukost og anar fred og ingen fare. Plutseleg står det ein mann framfor han som presenterer seg som lensmann Ulven. Hans ærend er å arrestere Karl Gustav og føre han ned til bygda for avhøyr i tilknyting til diverse tjuveri. Til å begynne med tek Karl Gustav det heile med fatning og fylgjer frivillig og roleg med lensmannen nedover frå setra. Men nede i Huggulia ved Torpa snur han brått om. Han dreg fram ein kniv og trugar lensmannen med at "det skal ligge lik ved siden av mig, om noen forsøker følge efter mig". Så set han på sprang vekk frå lensmannen. Det vert no organisert jakt etter rømlingen, det vert telefonert og telegrafert til alle bygder ikring etter hjelp og for å varsle om denne no væpna og farlege rømlingen. Etter nokre dagar vert han innhenta etter "tips frå publikum". Karl Gustav vert overraska ved Lenningen i Valdresfjella, omtrent to mil nord for Torpa. Med fleire ladde Krag-rifler peikande på seg gjer ikkje Karl Gustav noko nytt forsøk på å rømme, og vert med til arresten i Gjøvik. Her vert han sitjande eit par månader til saka mot han kan kjem opp i meddomsretten. Han har enno ein gong ikkje klart å late vere å misbruke tilliten han fekk hos folket han kom til.

Dei einaste som ikkje føler seg lurde, er stølsjentene som har fått sine gåver av gjesten og kavaleren. Dei veit ikkje det var tjuvgods, og er nok vel fornøgde.

Gardssetra i Nordre Land i dag. Ikkje vanskeleg å forestille seg at Karl Gustav levde det gode liv med budeiene her for over 100 år sidan. Foto: Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter

Lista med påstandar og tiltalepunkt til rettssaka er lang. Frå desember til langt ut i februar fekk han bu på ein gard i Nes i Hallingdal. Her kalla han seg Bjerkeli frå Vestre Slidre, og arbeidde med forskjellig koparbeslagarbeide. Som takk for løna arbeid, kost og losji stal han med seg 800 kroner, ein dress og to lommeur før han forsvann. Ein handelsmann i Nordre Land er fråstolen varer for over to tusen kroner, alt frakta vekk på ein stolen kjelke. Spora vart følgde fire kilometer, berre for å oppdage at varene var lasta over på ein ny stolen kjelke og frakta videre. Neste stoppestad var ein gard på Torpa. Her kalla han seg Bjerkeli frå Etnedal og fekk husrom og mat. Her vart ikkje noko vekke, derimot betalte han for seg i form av gåver til mannen, kona og småguten på garden. Så var han registrert i Snertingdalen, der han selde varer frå tjuveriet i Nordre Land. Til slutt i tiltalen stod eit innbrot på Jørstad seter ved Fåberg i Vestfjell. Her hadde tiltalte dagen før fått mat av setereigaren, som var der oppe med sonen for å fiske. Dei hadde hatt ein lang prat og den ettersøkte fortalde at han jakta på ein tjuv i fjella, difor var han komen hit og hadde med gevær. Men det var ikkje berre tjuvar han jakta på. Han hadde skote 17 bjørnar, samt stansa ein tjuv ved å skyte han i lårbeinet, så skyte kunne han. Praten gjekk lett, og i byte for kaffi fekk setereigaren denaturert sprit av mannen, som då kalla seg Ivar Bjørke frå Nordtorpen. Eigaren og sonen reiste ned att i kveldinga, men nokre dagar etter ville dei opp att for å sjå om alt var i orden, lukka og låst. Det vart jo sagt at det var tjuvar i fjellet, så det var best å sjekke. Han kom til setra og såg straks at døra var hogd i stykker, og at eit gevær og ein del andre ting var vekke. I tillegg såg det ut som at det var forsøkt sette fyr i senga, men at det hadde slokna av seg sjølv.

Nok ein gong står Karl Gustav og forklarer seg i retten, denne gongen på Dokka Hotell. Han fortel korleis han ser på skuldingane og dei tilfeldige omstenda som har ført til at han er mistenkt. I tillegg fortel han at han har ein halvbror som er hoggande lik han, bortsett ifrå at han er ein notorisk kjeltring, og at han har lidd under det i mange år. Men forklaringane står ikkje til truande, og mykje av tjuvgodset er funne der han har opphalde seg. Endå meir er kome til rette og identifisert via dei som har fått eller kjøpt dette av han. Han vert kjent skuldig i det meste av tiltalen, men frifunnen for eldspåsetjinga, det kan påtalemakta ikkje bevise. Dommen vert likevel på nesten tre nye lange år i fengsel, og liten sjanse for kortare straff, for som dommaren seier: Dette er berre det vi veit er gjort. Det er nok mykje som ikkje er blitt meldt og som vi av ulike grunnar ikkje får greie på. Endå ein gong får avisene noko nytt å skrive om Trolin, og endå ein gong kan dei bruke overskrifter som "kvindebedårer og farlig voldsmann i fengsel igjen".

Heime i Førde

Medan Karl Gustav no sonar, denne gongen i Akershus landsfengsel, er faren Gustav blitt flytta inn på gamleheimen i Grovene i Førde. Her sovnar han inn dagen etter jonsokaftan i 1928, 87 år gamal. Bergitte tek no over plassen på Hafstad og bur der med yngste barnet sitt, som no er 14 år. Eldste barnet har reist til Amerika to år tidlegare. Huset er gamalt og trekkfullt, men taket er tett. Dei klarer seg etter forholda bra og Bergitte får seg etterkvart meir eller mindre fast stilling med stell av kreatur og anna førefallande arbeid  hos systrene Anna og Mathilde på Hafstad Hotell.

Vart vinteren i kaldaste laget, hadde naboar som Andreas Madsen Hafstad omsut for Bergitte og borna. Han gav dei gjerne husrom i periodar dei ikkje klarde å halde varmen inne på Hafstadvellene.

 

Bergitte i litt eldre alder, men stadig i arbeid.  Foto utlånt av Frank Øen.

Emigrasjon for ei kort tid.

I tida i fengselet søkjer Karl Gustav om både gjenopptaking av saka og lauslating på prøve, men begge deler vert avslått. Mot slutten av soningstida får han heftige anfall som skriv seg frå fallulukka frå kyrkjetaket. Han vert lagt inn på Ullevål sjukehus for overvaking og behandling. Etter ei tid på sjukehuset kjem han seg til hektene igjen, og han søkjer på nytt om prøvelauslating. No vert han sett fri på prøve, eit par månader før fullsona tid. Men med seg i "bagasjen" har han no ein ny "klamp om foten". I siste dom fekk han også ei tilleggsstraff, noko gjengangarar ofte får. For en tid på ti -10- år er han ”fradømt stemmerett i offentlige anliggender og adgang til offentlig tjeneste". Ikkje det at det har noko særleg å seie i praksis. Vel er han pratsam og "allvitande" i diskusjonar, men politikk har han ikkje engasjert seg i, og arbeid i stat eller kommune er vel heller ikkje noko som fell han naturleg. Med dårlege utsikter til arbeid og bustad i Noreg, samt lite lyst til å hamne i fengsel igjen, vil han freiste lukka på ny i Amerika, nærmare bestemt i Canada. Utfordinga er no å skaffe seg billett og nok pengar til å få kome inn i det landet. Når han slepp ut i september 1929, får han utbetalt 195 kroner i løn for arbeid utført i fengselet. Men han må ha nye klede frå topp til tå, og der ryk 45 kroner i ein fei. Når båtreisa kostar mellom 400 og 600 kroner, og han i tillegg må vise at han har pengar til opphald, så har han behov for rundt 1000 kroner før han kan ta denne utreisa. 150 kroner er ikkje nok. Men Karl Gustav har lagt ein ny plan, og denne gongen så godt som heilt lovleg. Nesten, i alle fall. Han oppsøkjer straks fattigkassen i ein kommune der han var kjend frå før. Her søkjer han om akutt understøtte, som det heiter. Han må få hjelp til å starte på nytt etter fengselsopphaldet til han finn seg arbeid og tak over hovudet. Og han får pengar. Så tek han seg raskt vidare til nabokommunen, gjentek det same der, også der får han litt. Slik fortset han til han har nok, og så er det berre å kome seg ut av landet med første båt.

Førde fattigkasse får ein knekk

Heime i Førde går livet for dei fleste sin vande gong, og ser ein vekk frå eit par avisnotisar i Firda, så er det få eller ingen som går og tenkjer på Karl Gustav Trolin, som no ikkje har vist seg her på godt over 10 år. Ikkje veit nokon at han er utanlands heller. Men så, "heilt ut av det blå", får Førde kommune ei utfordring. Det byrjar å komme inn krav frå andre kommunar om dekning av underhaldsbidrag og sosiale utgifter utbetalt til nettopp Karl Gustav Trolin. Kommunen avviser krava i første runde, med den grunn at denne personen ikkje bur, eller har budd i Førde på mange, mange år. Men kommunane som sender krav til Førde gjev seg ikkje. Dei hevdar alle at dei ikkje har motteke noko offisiell flyttemelding, og då vurderer dei det slik at Trolin framleis er heimehøyrande i Førde. Dermed skal Førde dekkje slike utgifter sjølv om utbetalingane har skjedd i ein andre kommunar. Til slutt må Førde kommune gje seg. Med støtte frå Sosialdepartementet får kommunane på Austlandet fullt medhald. Det er berre for Førde å gjere opp for seg. Saka skaper i tillegg ein god del støy i dei styrande organa i Førde. Ikkje berre vert fattigkassen nesten tømd allereie tidleg på året, men det oppstår også full krangel i både formannskapet og fattigstyret om kvifor ikkje desse krava, som byrja kome om hausten, var synleggjorde eller varsla i budsjettsamanheng. No sit dei i februar og må betale, utan ekstra budsjettdekning. Karl Gustav Trolin har i alle fall fått markert at han framleis er i live, utan sjølv å vere klar over det.

Opptur, nedtur og sorg 

Opphaldet i Canada varer vel eit år. Våren 1931 er den 47 år gamle Karl Gustav tilbake på norsk jord og arbeider som mekanikar på Helland i Bø i Telemark. Her arbeider også den tre år yngre Sissel Knutsdtr Gjerden som hushalderske, og det oppstår romantikk dei imellom. I juni tek dei ut lysing og gifter seg straks etter. Livet går vidare, mykje likt som før. Ein stadig kamp for dei begge med å halde seg i arbeid og ein stad å bu og sove, og ikkje minst for Karl Gustav sin del, prøve å halde seg på rett side av lova.

Det er i Telemark dei held seg no, Sissel og Karl Gustav, med Hjartdal som base. Meieridrifta i distriktet vert reorganisert med færre og større meieri. Gruvedrift med moderne maskiner krev både drifts- og vedlikehaldspersonell. Aukande biltrafikk krev vegutbygging, og trelast og tekstilindustri vert modernisert og satsar på elektrisitet, noko som gjer kraftutbygging viktig. Med utbygginga på Herøya går det no ei "industriåre" frå Vestfjorddalen til Porsgrunn. Mekanisk teknologi og vasskraft rår i industrien, og bøndene produserer mat og mjølk til eit stadig aukande folketal i området. Det er likevel eit klasseskilje mellom dei som får det beste arbeidet og dei som får dei dårlegare betalte. Sissel og Karl Gustav har tidvis bra med arbeid, men høyrer til siste kategori. Det tærer på etterkvart, både på kropp og sjel, og 30 år som omstreifar set sin spor. Karl Gustav merkar også at han ikkje lenger har same tiltrekkingskraft på andre. Taletyet er framleis i orden, men det er ikkje lenger like lett å smigre damene, noko han i alle år har vore vand med, uavhengig av om har vore gift eller ikkje. Det gjer noko med ein, sjølv om ein nærmar seg femti.

Våren 1933 har Karl Gustav ein arbeidsperiode i Seljord. Påska står for døra, det er vår i lufta, og han slår seg saman med andre som nyttar høvet til å feire litt framfor velfortente fridagar. Feiringa går over både skjærtorsdag og langfredag, og stemninga er nok til tider bra høg. Men så går det slik at han vert avvist i forsøk på å få kontakt med det motsette kjønnet. Ei og to avvisingar kan ein tole, men han opplever fleire. Det vert etterkvart dårleg stemning, og ting kjem ut av kontroll. Han let sine frustrerte kjensler få utløp på ein slik måte at han vert direkte usømeleg overfor to damer. Han er så pass usømeleg i sin framferd at damene kvar for seg går til den lokale lensmannen for å melde forholda. Dei oppfattar situasjonane som oppstår som både skremmande og valdelege, og lensmannen tek det på alvor. Straks etter påska vert Karl Gustav oppsøkt av den lokale lensmannen og får opplese klagene mot seg. Så vert han tatt med til varetekt i Skien fordi dei er redde for at han kan finne på stikke av.

Lensmannen innhentar vidare vitneprov, og statsadvokaten innstiller på rettssak. Førebuingane til rettssaka tek likevel si tid, men etter nesten 5 månader i varetekt får han endeleg ein dom. Den lyder på 10 månader i fengsel, med frådrag for tida i varetekt. Det betyr overflytting til Oslo igjen, men denne gongen til kretsfengselet "Botsen". Trass i fleire forsøk på å anke og å få straffa nedkorta, må han sitte heile tida ut, og Sissel må klare seg åleine.

Det kjende Botsfengselet i Oslo, eit av mange fengsel Karl Gustav fekk oppleve, på innsida av murane.                                                            Foto: en.wikipedia.org

Etter dette heller nedrige fengselsopphaldet tek no Karl Gustav seg tilbake til Telemark og finn kona Sissel sjuk. Dette er ein krevjande og ny situasjon for dei begge, og det vert berre verre. Utan fast bustad og utan oppsparte midlar kan Karl Gustav ikkje gje Sissel det ho treng av pleie. Ingen vil leige ut gratis til folk som ikkje har arbeid eller inntekt. Han søkjer etter kvart kommunen om understøtte og pleieplass, men denne gongen vert han avvist. Han får beskjed om å søkje plass og pleie for Sissel anten i hennar heimstadkommune Ål eller i hans kommune, som framleis offisielt er Førde. Det vert det siste, og på ein eller annan måte klarer dei å kome seg til Førde. Sissel døyr her, på gamleheimen i Grovene, laurdag 23. mars 1935 av hjerneslag, berre 47 år gamal.

Siste stopp: Gol

Karl Gustav vert ikkje verande i Førde. I ein alder av 51 år og åleine dreg han ut på nye omstreifareventyr, noko som fører han tilbake til traktene der han likte seg best, Hallingdal. I 1938 leiger han bustad på garden Glitre på Gol. Der fører skjebnen han saman med den femti år gamle enka Olga Bråthen frå Gol. Mannen til Olga, som var salmakar og ivrig sportsfiskar, fraus i hel på isfiske i eit fjellvatn nokre år tidlegare. Karl Gustav, no med etternamnet Førde, gifter seg ein maidag hos sorenskrivaren i Hallingdal og flyttar inn hos Olga i Bakarstugu, rett ved brua i Gol sentrum. Etter nokre år saman med Olga skil dei lag og ho flyttar sørover. Karl Gustav vert verande i Gol-traktene resten av livet, etter alt å døme også nokolunde på rett side av lova. Han er i alle fall ikkje lenger avisstoff.  

Når Karl Gustav døyr i ein alder av 80 år, vert han nøkternt beskriven som ein pratsam og fargerik person som dei fleste i traktene kjenner. Han bur då i ei brakke etter tyskarane i Dalabakken, eit område i Gol sentrum der det tidvis samlast mykje folk, anten det var sauesjå, fesjå eller andre bygdehøgtider. Han likte seg her.

Som mange andre stader i landet, etterlet tyskarane mange brakker etter krigen. Slik også i Dalavegen, midt i Gol sentrum. I ei av desse brakkene bur Karl Gustav i sine siste leveår. Foto: Strand/Gol bygdearkiv

2019 © Vidar Fossen

Lag din egen nettside med Webador