GAMLE FØRDE I FARGAR

Utsolgt
kr 399,00

Boka inneheld tilfeldige tilbakeblikk i frå Førde i Sunnfjord og ma- terialet som er presentert kan vere meir enn 150 år gamalt når boka gjekk i trykken. Med moderne teknologi er originale bilde fargelagt av forfattaren, i håp om at det gjev eit betre bilete av korleis det faktisk var i Førde i «gamle dagar». For, det er ikkje slik at livet i gamle dagar var i svart og kvitt, slik foto- grafane måtte framstille det. Fargane var nok stort sett dei same som i dag.

Tidfesting av gamle bilder kan vere ei ut- fordring, og det er ikkje heilt sikkert at årstala som er nemnde alltid er 100% rett, men eg har gjort mitt beste for at det ikkje skal vere store avvik. Det som er skrive av tekst og informasjon til bilda er knytt til tidfestinga bilda har fått.

Målet med boka er å gje eit bilete av korleis Førde faktisk såg ut før i tida, om van- lege folk som levde her då bilda vart tekne, samt nokre hendingar i kvardagen som kanskje ikkje er så kjende frå før. Ulukker og pandemiar eksisterte også, då som no.

Ynskjer du kjøpe boka, send e-post til vidarfossen@icloud.com 

 

Lag din egen nettside med Webador